Stortinget - Møte onsdag den 17. desember 1997

Dato: 17.12.1997

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 6

Liv Marit Moland (A): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til barne- og familieministeren:

En kvinne blir alene med omsorgen for to mindreårige barn, da hennes mann blir 100 % ufør. Han er varig pasient i institusjon. Hun får avslag på søknad om utvidet barnetrygd. Trygdekontoret regner henne ikke som alenemor. Dette gjelder også enker. Skilte, separerte eller de med ektefeller i fengsel får utvidet barnetrygd.

Vil statsråden se på muligheten for å endre forskriftene i barnetrygdloven for å rette opp denne uforklarlige og urimelige forskjellsbehandlingen av eneforsørgere?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eit grunnvilkår for rett til utvida barnetrygd er at forsørgjaren forutan å vera åleine om omsorga for barnet, òg må fylla krav til sivilstatus. Den einslege forsørgjaren må vera anten ugift, separert, skild eller gjenlevande ektefelle. Enkjer har altså rett til utvida barnetrygd dersom dei er aleine om omsorga for born.

Det er gitt reglar om at ein i heilt spesielle tilfelle kan gi utvida barnetrygd ved åleineomsorg sjølv om barnet sine foreldre er gifte. Dette er meint som ein snever unntaksregel som skal vera til hjelp for dei familiane som er vanskeleg stilte reint økonomisk, og der den eine av ektefellane ikkje kan yta sitt til forsørginga av barnet. Opphavleg følgde det av retningslinene at ein kunne gi utvida barnetrygd m.a i dei tilfella der den eine av ektefellane var langvarig innlagde på institusjon som følgje av sjukdom. I 1970 blei særregelen om utvida barnetrygd regulert gjennom forskrift. Ved innføringa av forskrifta blei ikkje den aktuelle gruppa tatt med. Bakgrunnen for dette var at dei som oppheld seg i institusjon, fekk kompensasjon gjennom reglane i folketrygdlova om uførepensjonen.

Dei snevre unntaka frå kravet til sivilstatus for rett til utvida barnetrygd er knytt opp mot ei svært stram økonomisk behovsprøving. Det er derfor ikkje slik at t.d. alle med ektefellar i fengsel får rett til utvida barnetrygd. Familien må òg samla ha ei svært låg inntekt. Pr. i dag er inntektsgrensa slik at begge ektefellane samla ikkje må ha inntekt som overstig 79.981 kr årleg. Det er derfor svært få familiar som får utvida barnetrygd etter dei reglane som spørjaren nemner.

Det er viktig at barnetrygdlova sitt regelverk er så oversiktleg og enkelt som mogleg. Vi må prøva å unngå reglar som legg opp til vanskelege vurderingar bygde på skjønn ved vurdering av om det ligg føre rett til utvida barnetrygd. Barnetrygda er ikkje meint å skulle kompensera økonomisk for bortfall av forsørgjar. Det er det andre trygdeytingar som skal kompensera for.

Reglane om rett til uførepensjon og reglane om eigenbetaling ved institusjonsopphald er viktige reglar når ein skal vurdera korleis familiar der den eine ektefellen er langvarig innlagd på institusjon, kjem ut reint økonomisk. I regelverket for eigenbetaling ved institusjonsopphald er det gitt reglar som skal ta vare på dei spesielle behova som oppstår når den eine ektefellen er langvarig innlagd på institusjon. Det skal gjerast frådrag i berekningsgrunnlaget i dei tilfella der den som oppheld seg i institusjon, har heimebuande ektefelle og barn.

Eg kan ikkje trekka nokon konklusjon her i dag, men dersom det trass i reglane om frådrag i eigenbetalinga ved institusjonsopphald syner seg at den aktuelle gruppa kjem dårleg ut reint økonomisk, vil eg vurdera om det er grunnlag for å gjera endringar i barnetrygdreglane. Ei slik vurdering må ta utgangspunkt i ei kartlegging av korleis ei eventuell endring av barnetrygdreglane vil slå ut. Den samla verknaden av dei ulike reglane på området må sjåast under eitt. I samband med denne kartlegginga vil det òg bli tatt kontakt med Sosial- og helsedepartementet.

Liv Marit Moland (A): Jeg vil takke for svaret. Jeg er glad for at en vil se på barnetrygdeloven og hvordan den slår ut. Regjeringen har i St.prp.nr.1 Tl.03 fokusert veldig sterkt på familien, altså en familie som består av to foreldre og barn. Den store gruppen som eneforsørgerne representerer, er knapt nok nevnt. Det er en gruppe der mange har svært dårlig økonomi. Det viser alle undersøkelser. Og innenfor denne gruppen er det altså forskjellsbehandling når det gjelder de ulike støtteordningene.

I mitt første spørsmål konsentrerte jeg meg om barnetrygdeloven, men retten til ekstra småbarnstillegg vil etter behandlingen av velferdsmeldingen i Stortinget følge de samme regler som retten til utvidet barnetrygd. Vil statsråden ta initiativ til at støtteordningene for eneforsørgerne blir gjennomgått og samordnet med sikte på å rette opp slike skjevheter?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg må seia eg blei litt forundra over tilleggsspørsmålet her. Då vi behandla velferdsmeldinga i Stortinget, var det to parti mot resten i forhold til å gjera kåra betre for åleineforsørgjarane. Høgre og Arbeidarpartiet gjekk saman om å gjera kåra verre, medan alle dei andre her på Stortinget - også regjeringspartia - faktisk ville forbetra situasjonen for dei. No har vi fått nye reglar i forhold til eineforsørgjarane. Det eg kan lova, er at denne regjeringa vil følgja nøye med i korleis reglane verkar i forhold til eineforsørgjarane.

For å koma litt tilbake til den problemstillinga som blei reist innleiingsvis, er det ei ulempe ved berre å sjå på barnetrygdereglane. Eg trur det er viktig at vi ikkje gjer dei for kompliserte, men at vi samtidig har omsorg for akkurat den gruppa som representanten Moland er opptatt av. Eg har faktisk sett i gang eit arbeid i departementet lenge før spørsmålet på akkurat dette området kom til meg, så vi følgjer det nøye. Men det som går på barnetrygdereglar, gjeld støtteordninga berre til borna er 16 år. Kan vi retta opp ein del andre reglar i trygdesystemet elles, vil ordningane kunna vara lenger og dermed kanskje slå betre ut for dei som desse hjelpetiltaka er retta mot.