Karita Bekkemellem Orheim (A):
Jeg
vil få stille følgende spørsmål til barne- og familieministeren:
Ifølge Enestående Adoptanters forening
har barne- og familieministeren gitt signaler om at enslige bare unntaksvis
skal få innvilget en adopsjonssøknad.
Hvorfor vil statsråden ikke gå inn for
at enslige på lik linje med andre skal ha mulighet til å adoptere dersom de
oppfyller de krav en bør sette til adoptivforeldre?
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland:
Adoptivborn frå utlandet har ein spesiell bakgrunn og vil oftare enn andre
born ha særskilde behov og krevja ekstra tid og overskot hos adoptivforeldra
sine, som regel gjennom fleire år. Samstundes er det styresmaktene sitt
ansvar å forvissa seg om, så langt det er mogleg, at utanlandske adoptivborn
blir plasserte i familiar med dei beste føresetnadene for å fylgja dei opp.
Det er neppe mogleg å koma forbi at eineforeldrefamiliar ofte har ein
vesentleg meir krevjande familiesituasjon enn toforeldrefamiliar. Det er
derfor neppe i samsvar med adopsjonsstyresmaktene sitt ansvar å opna for ein
godkjenningspraksis som gir adoptivborn frå utlandet ein familie her i
landet som, etter opplysningar frå einslege forsørgjarar sjølve, ofte slit
meir i kvardagen enn familiar med to foreldre.
Slik eg ser det, handlar det til
sjuande og sist om om vi skal la retten til einslege søkjarar til å få born
gå framfor borna sin rett til å få to foreldre. Det er Regjeringa sitt syn
at born har best av å veksa opp med både mor og far. Dette synet blir ikkje
mindre viktig når det gjeld adoptivborn, som i utgangspunktet har mista
foreldra sine og anna slekt, og som nettopp kan trenga den styrken som ligg
i å få høyra til både eit foreldrepar og deira slekt på begge sider.
Når det er sagt, vil eg understreka at
det framleis vil vera mogleg for einslege søkjarar å få godkjenning til
adopsjon dersom vedkomande er knytt til barnet på førehand eller har
spesiell kunnskap om og erfaring med born. For einslege søkjarar i
sistnemnde kategori inneber det at dersom det ikkje er mogleg å finna to
foreldre til eit bestemt barn og søkjaren framstår som særleg godt eigna
omsorgsperson for akkurat dette barnet, vil vedkomande etter ei konkret
vurdering kunna bli godkjend.
Karita Bekkemellem Orheim (A):
Andelen av enslige mødre og fedre med barn under 18 år er sterkt stigende og
vil vokse sterkt fram mot år 2020. Den vil være på hele 19 %. For mange
barn er familiesituasjonen blitt mer variert og omskiftelig. Ekteskapet er
ikke lenger enerådende som samlivsform, og ny forskning viser også at det
ikke er familiestrukturen i seg selv som bestemmer barnas tilpasning.
De fleste enslige som søker om å få
adoptere barn, er kvinner med høy utdannelse, godt nettverk og god økonomi.
De har et meget sterkt ønske om å adoptere barn og kunne gi dem en trygg
oppvekst, selv om det mange ganger kan være strevsomt. Jeg vil spørre
statsråden om hva hun er redd for hvis ressurssterke enslige får anledning
til å adoptere. Bør vi ikke nå fokusere på barna, og ikke være defensive og
holde på det som har vært? Ser statsråden endringen i familiestrukturen som
en trussel mot barna i dag?
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland:
Når det gjeld endringar i familiestrukturen og om det er ein trussel for
borna i dag, kunne eg hatt eit ganske langt foredrag om akkurat det. For eg
trur at familiesituasjonen for veldig mange born på mange måtar er dårleg i
dag. Den oppløysingstendensen vi har i samfunnet, er ikkje til det beste
for borna.
Men når det er sagt, har eg òg lyst
til å understreka at når det gjeld einslege forsørgjarar, har me mange av
dei, og dei gjer ein svært god jobb. Men dei understrekar òg at dei har
tunge dagar nettopp fordi dei er åleine. Det seier deira eigne
organisasjonar, og det seier dei sjølve, og det er vi klare over. Eg veit
òg at veldig mange av dei einslege som ynskjer å bli adoptivforeldre, er
veldig ressurssterke kvinner, som representanten seier. Eg har ikkje tenkt
å gå inn for eit forbod. Det ligg heller ikkje i lovverket. I desse dagar
sender vi ut forskrifter på høyring, og eg vil sjølvsagt ta til meg det som
kjem inn i desse høyringsutsegnene og sjå kva vi kan endra, men grunnlaget
må vera at dersom ein kan oppnå to foreldre som òg er veldig godt vurderte,
er det for dei aller, aller fleste det beste tilbodet vi kan gje.