Stortinget - Møte onsdag den 13. mai 1998

Dato: 13.05.1998

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 23

Øystein Hedstrøm (Frp): Jeg har følgende spørsmål til sosialministeren:

Sosial- og helsedepartementet har vedtatt en plan for opprettelse av 40 nye vinmonopolutsalg, men verken Nord-Trøndelag eller Østfold blir tilgodesett. I Østfold kan nye utsalg bidra til å redusere grensehandelslekkasjen, gi ringvirkninger til handelsnæringen og bedre tilgjengeligheten for lovlig omsetning av alkoholholdige drikkevarer.

Vil statsråden vurdere å endre standpunkt slik at Østfold kan inkluderes i lokaliseringsplanen?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Landsplan for A/S Vinmonopolet er eit viktig virkemiddel for å regulera omsetninga av alkoholhaldig drikk.

Eit utkast til ny landsplan vart sendt på høyring sommaren 1997. I høyringsutkastet framgjekk eit forslag til plassering av inntil 50 nye utsal fordelt på fylka. Det kom inn om lag 200 høyringssvar til dette utkastet. Landsplanen fastsette i høyringsutkastet salsnettet til A/S Vinmonopolet på fylkesnivå. Dette skulle sikra at føringane frå Stortinget og departementet for lettare tilgjenge på landsbasis vart ivaretekne samtidig som A/S Vinmonopolet skulle få den nødvendige fleksibilitet når det gjeld val av stader for etablering av nye utsal.

Eg ynskte å sjå arbeidet med landsplanen i samband med handlingsplan for redusert rusmiddelbruk som passerte statsråd 8. mai, og utvida derfor tidlegare landsplan til òg å omfatta 1998. Eg opna her for ein auke på inntil åtte utsal innan året er omme. A/S Vinmonopolet vil i denne samanhengen etablera eit utsal i Kolvereid i Nord-Trøndelag. Fylket vil derfor få eit nytt utsal før den nye planen tar til å gjelda i 1999.

Ved utforminga av Landsplanen for 1999-2002 har eg lagt vekt på ein rimeleg balanse mellom omsynet til nasjonal alkoholpolitisk styring og omsynet til det kommunale sjølvstyret. Landsplanen skal sikra ein meir likeverdig distribusjon i heile landet utan at dette går ut over det nasjonale målet om å redusera alkoholbruken med 25 % innan år 2000. Landsplanen skal vidare leggja stabile planleggingsføresetnader for A/S Vinmonopolet.

Når eg har vurdert utkastet til planen og dei høyringssvara som har kome inn, har eg m.a tatt omsyn til fylgjande: A/S Vinmonopolet har ei viktig rolle som alkoholpolitisk instrument. Lokaliseringa må derfor vurderast nøye opp mot den nasjonale målsettinga om redusert alkoholbruk. Planen føreset at A/S Vinmonopolet tek alkoholpolitiske omsyn i sine avvegingar når det gjeld lokalisering.

Planen skal gje ei meir rettferdig fordeling av utsal, slik at folk i fleire distrikt får enklare reiseveg til næraste vinmonopolutsal. Derfor er òg dei delar av landet prioriterte som har dårlegast dekning.

Planen må òg ta omsyn til den forventa omsetninga i dette området. I ei rekkje andre område er kundegrunnlaget så lite at det ikkje vil vera økonomisk forsvarleg med etablering av eit utsal.

Østfold fylke har i dag seks utsal. Det er eit fylke med etter måten korte avstandar og gode kommunikasjonar. Få innbyggjarar bur meir enn ein halv times bilreise frå nærmaste utsal. Områda langs grensa til Sverige er tynt folkesette og gjev ikkje grunnlag for etablering av utsal.

Eg ynskjer ikkje å endra planen med sikte på å leggja opp til ei anna fordeling av dei nye utsala.

Øystein Hedstrøm (Frp): Jeg takker statsråden for svaret, og jeg er enig i at Østfold er lite i utstrekning. Men det står allikevel i en særstilling på grunn av beliggenheten. Det er innfallsporten til Norge. 75 % av all landeveistrafikk på E6 og E18 kommer inn den veien, og grensehandelslekkasjen og spritsmuglingen er høyere enn i andre fylker, er det grunn til å tro.

Det svenske Systembolaget er en knallhard konkurrent, samtidig som det er stor tilgjengelighet og betydelig omsetning av hjemmebrent og smuglerbrennevin. Det har derfor vært stor interesse for å etablere nye vinmonopolutsalg, bl.a i Eidsberg. Gjennom bedret tilgjengelighet for den lovlige alkoholomsetningen vil man bidra til å redusere grensehandelslekkasjen og omsetningen av illegale alkoholholdige varer.

Mener ikke statsråden på bakgrunn av Østfolds spesielle situasjon at det finnes gode argumenter for etablering av et vinmonopolutsalg?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Østfold fylke har seks utsal: to i Fredrikstad, eitt i Moss, eitt i Sarpsborg, eitt i Halden og eitt i Askim. Og Østfold er eit fylke med korte avstandar og gode kommunikasjonar.

Eg deler representanten Hedstrøm si uro i forhold til illegal omsetning av alkohol og i forhold til smugling. Men eg trur faktisk ikkje at det er eit vinmonopolutsal frå eller til som er løysinga for Østfold på det spørsmålet. Det er viktig å styrkja det førebyggjande arbeidet for å forhindra auka alkoholbruk. Det er òg viktig å styrkja innsatsen mot smugling og mot illegal omsetning.

Øystein Hedstrøm (Frp): Jeg takker statsråden for svaret på mitt tilleggsspørsmål.

Når Østfold nå ikke tas med i lokaliseringsplanen, som dreier seg om en fireårsperiode, til og med 2002, vil det være et positivt signal, slik jeg ser det, for hjemmebrennere, spritsmuglere og svenske butikker. Kan departementet åpne for nye etableringer av vinmonopolutsalg de nærmeste år? Eller vil alle muligheter være stengt i hele fireårsperioden?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Planen vart vedtatt i førre veke og er grundig vurdert med omsyn til det eg har nemnt.

Høyringsinstansane i Østfold fylke har noko ulikt syn når det gjeld talet på vinmonopolutsal i Østfold. Når Østfold tidlegare har fått så mykje som seks utsal - dei har hatt det i lengre tid - trass i den geografien som fylket har, trur eg at det nettopp har med avstanden til Sverige og ulikt avgiftsnivå å gjera. Eg har ikkje tenkt å endra den planen som no gjeld i fire år.