Presidenten: Representanten Dag Danielsen,
som har vore permittert, har igjen teke sete.
Det ligg føre tre permisjonssøknader:
frå Kristeleg Folkepartis
stortingsgruppe om velferdspermisjon for representanten
Anne Brit Stråtveit frå og med
16. november og inntil vidare
frå representanten Fridtjof Frank Gundersen om permisjon i tida frå og
med 16. november til og med 18. november for å delta i
møte i regi av Den vesteuropeiske unions parlamentariske
forsamling, VEU, i Roma
frå representanten Ivar Østberg om
permisjon i dagane 18. og 19. november for etter invitasjon å delta
ved offisiell opning av Institutt for barns utvikling og GAAS-senter
ved Pomoruniversitetet i Arkhangelsk
Etter forslag frå presidenten vart
samrøystes vedteke:
Søknadene blir behandla straks
og innvilga.
Følgjande vararepresentantar blir innkalla for å møte
i permisjonstida: For Vest-Agder fylke: Sigmund Kroslid
For Akershus fylke: André Kvakkestad
For Troms fylke: Ruth Stenersen
Sigmund Kroslid blir innvald i Lagtinget for den tida han
møter for representanten Anne Brit Stråtveit.
Val av settepresident
Presidenten: Presidenten vil foreslå at
ein settepresident blir vald for Stortingets møte i dag – og
ser det som vedteke.
Presidenten ber om framlegg til settepresident.
John I. Alvheim (Frp): Jeg foreslår Ursula Evje.
Presidenten: Det er gjort framlegg om Ursula Evje.
Det ligg ikkje føre andre forslag, og Ursula Evje er
samrøystes vald som settepresident for møtet i
dag.
Statsråd Ragnhild
Queseth Haarstad overleverte 13 kgl. proposisjonar (sjå under
Referat).
Presidenten: Representanten Jan Simonsen vil sette fram
eit privat forslag.
Jan Simonsen (Frp): På vegne av representantene Jørn
L. Stang, Vidar Kleppe, Terje Knudsen og meg selv har jeg gleden
av å fremsette et privat forslag om en handlingsplan for å øke
sikkerheten for polititjenestemenn.
Presidenten: Representanten Erna Solberg vil sette fram
eit privat forslag.
Erna Solberg (H): På vegne av Sverre J. Hoddevik og
meg selv har jeg gleden av å fremsette forslag om å nedsette
et uavhengig utvalg som skal gjennomgå lover og annet regelverk
som legger begrensninger på det kommunale selvstyret og
bidrar til mindre effektivt styre, og at utvalget skal jobbe etter
modell av Næringslovutvalget.
Presidenten: Framlegga vil bli behandla på reglementsmessig
måte.