Stortinget - Møte onsdag den 17. februar 1999 kl. 10

Dato: 17.02.1999

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 14

Presidenten: Dette spørsmål, fra Torbjørn Andersen til kommunal- og regionalministeren, vil bli besvart av sosialministeren som rette vedkommende.

Torbjørn Andersen (Frp): Jeg vil få stille følgende spørsmål til sosialministeren:

«Det svenske kommuneforbundet foretok i 1998 en undersøkelse som viste at de ansatte opplever det som mer positivt å jobbe i privat fremfor kommunal eldreomsorg. De som ble spurt, fremhevet at det var langt mer motiverende å jobbe i et privat firma enn for kommunen. Årsaken var blant annet at personalpolitikken var betydelig bedre i de private firmaene. De privat ansatte mente også at pasientene hadde det bedre i et privat omsorgstilbud.

Hva mener statsråden om denne undersøkelsen?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Det svenske kommuneforbundet gjennomførte i 1998 ei undersøking blant medlemmene sine for å finna ut kva tilsette i privat eldreomsorg meinte om tilsetjingsvilkår, arbeidssituasjon, eiga utvikling og kvaliteten i omsorga. Undersøkinga vart finansiert av Svenska Kommunalarbetarförbundet og seks private firma som driv pleie – og omsorgstenester.

Studien er ei samanlikning av kommunal og privat verksemd og nyttar både kvalitative og kvantitative metodar. Det blir stilt spørsmål til tilsette i sju private føretak delt på 14 ulike tenestestader innanfor pleie- og omsorgstenestene. Det blir i rapporten peika på at resultatet frå undersøkinga bør handterast med varsemd.

Det svenske kommuneforbundet har gjort ei oppsummering av dei resultata som er komne fram. Det viste seg m.a. at dei tilsette ikkje meinte det var nokon forskjell i kvaliteten på tilbodet i privat og offentleg verksemd.

I forhold til eigne tilsetjingsvilkår og eigen arbeidssituasjon kom det fram både positive og negative sider. Det blir peika på at offentleg regi gir ein sikker og trygg arbeidsplass, og at ein har klare arbeidsoppgåver. Av negative sider ved offentleg drift blir det nemnt at det er generelt vanskeleg å påverka systemet, og at det kan verka noko initiativlaust.

Med omsyn til tenester som blir drivne av private, kom følgjande positive sider fram: ein får meir ansvar, kan ta initiativ og ser heilskapen, og det er ikkje så mange organisatoriske ledd og sjefar. Av negative sider blir det peika på at det er auka stress, og at arbeidssituasjonen er usikker.

I ein kommentar til undersøkinga peikar det svenske kommuneforbundet på at dei lenge har hevda at den offentlege verksemda må bli betre, og at kvaliteten må aukast både for brukarane og dei tilsette. I samband med dette har dei tatt initiativ til å utvikla ein modell for ei annleis organisering av offentleg verksemd, som eit alternativ til konkurranseutsetjing. Modellen, som går under namnet «Kom an», tar opp i seg dei viktigaste elementa frå privat verksemd. Særleg held ein fram at dersom ein vil ha ein effektiv organisasjon, må ein skipa ei verksemd som menneska trivst i, der ein tar vare på og utnyttar medarbeidarane sin kompetanse.

Også i pleie- og omsorgssektoren i Noreg er det mange oppgåver som må løysast før vi kan seia at vi har ei teneste der både brukarar og tilsette er fullt ut nøgde. Gjennom m.a. «Handlingsplan for helse- og sosialpersonell 1998-2001. Rett person på rett plass» og «Handlingsplan for eldreomsorgen. Trygghet – respekt – kvalitet» blir ei rekkje verkemiddel sette inn for å styrkja tenestetilbodet.

Få sektorar i samfunnet er så avhengige av personellet som pleie- og omsorgstenesta. Det blir no gjort eit monaleg lyft for å auka dei tilsette sin kompetanse i denne sektoren. Det er ei stor utfordring for kommunane å leggja til rette eiga verksemd slik at dei tilsette får nytta kompetansen sin, og at dei tilsette blir tatt med i vidareutvikling av tenestetilbodet. Det ligg såleis nær å oppfordra kommunane til å nytta kreftene sine på desse tilhøva framfor å setja inn store ressursar på å førebu og gjennomføra konkurranseutsetjing av tenestene.

Undersøkinga frå Sverige kan vera direkte til nytte for dei kommunane som i desse dagar vurderer å betra eiga teneste.

Torbjørn Andersen (Frp): Jeg takker for svaret.

Det var kanskje litt vanskelig å få greie på hva statsråden mente om dette. Men jeg mener vi snart må få bukt med den misforståelsen at alt omsorgsarbeid som måtte bli utført i privat regi i den offentlige sektor, er noe styggedom, mens det nærmest er en velsignelse når de samme oppgavene utføres i regi av et offentlig monopol. Slik er det jo ikke, og stadig flere skjønner det. Stadig flere erfaringer viser at konkurranseutsettelse og privatisering og private innslag har en rekke fortrinn framfor de offentlige monopoler. Vi har jo i samfunnet en konkurranselovgivning. Og hvorfor i all verden skulle ikke konkurransepolitikken også komme til anvendelse i offentlig sektor på de fleste områder? Er det ikke på tide at offentlig sektor blir underlagt de samme konkurransebestemmelser som den private sektor, nettopp for å fremme effektivitets- og kvalitetskrav? Potensialet for det i dagens monopolsituasjon er veldig stort, og det vil komme brukerne og skattebetalerne til gode. Og da spør jeg: Kan det bli bedre enn det?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: La meg ta opp att det som eg sa i mitt første svar: Mi meining om den undersøkinga er at den vil vera direkte til nytte for dei kommunane i Noreg som i dag ser på eiga verksemd, både med omsyn til korleis dei kan organisera den betre enn i dag, og korleis dei kan gje betre tenester.

Vi kan nok her ha ulik innfallsvinkel til kva som bør vera eit offentleg ansvar, og kva som kan overlatast til privat verksemd. Eg held meg til det lovverket som er i dag, der kommunane på den eine sida har ein stor grad av fridom, men der dei ikkje har høve til å konkurranseutsetja forvaltningsoppgåver og utøving av mynde. Frå Regjeringa si side vil vi koma nærare inn på spørsmålet om konkurranseutsetjing av pleie- og omsorgstenester i kommuneøkonomiproposisjonen for år 2000 og i ei eiga melding som vil koma hausten 1999, Omsorg 2000.