Stortinget - Møte måndag den 31. mai 1999 kl. 12

Dato: 31.05.1999

Formalia

Presidenten: Stortingets president Kirsti Kolle Grøndahl og representantane Fridtjof Frank Gundersen, Erik Dalheim, Steinar Bastesen, Berit Brørby, Helene Falch Fladmark, Bendiks H. Arnesen, Børge Brende, Jørgen Kosmo og Odd Holten, som har vore permitterte, har igjen teke sete.

Følgjande innkalla vararepresentantar har teke sete:

For Akerhus fylke: Lars Rovik Ødegård.

For Oppland fylke: Fredrik F rber

For Vestfold fylke: Karin Lian.

Det ligg føre to permisjonssøknader:

  • frå Framstegspartiets stortingsgruppe om sjukepermisjon for representanten Øyvind Vaksdal frå og med 2. juni og inntil vidare

  • frå representanten Odd Eriksen om permisjon i dagane 2. og 3. juni for å delta ved grunnsteinsnedlegging for Sametinget i Karasjok

Etter forslag frå presidenten vart samrøystes vedteke:

  • 1. Søknadene blir behandla straks og innvilga.

  • 2. Vararepresentantane, frå Nordland fylke Bjørnar Olsen og for Rogaland fylke Torill Haaland Horpestad, blir innkalla for å møte i permisjonstida.

Val av settepresident

Presidenten: Presidenten vil foreslå at det blir valt ein settepresident for Stortingets møte i dag – og ser det som vedteke.

Presidenten ber om framlegg på settepresident.

John I. Alvheim (Frp): Jeg foreslår Ursula Evje som settepresident for dagens møte.

Presidenten: Det er gjort framlegg om Ursula Evje som settepresident. – Andre forslag ligg ikkje føre, og Ursula Evje er samrøystes vald som settepresident for møtet i dag.

Statsråd Peter Angelsen la fram 5 kgl. proposisjonar (sjå under Referat.)

 

Presidenten: Representanten Jan Petersen, som har vore permittert, har igjen teke sete.

Ein heldt fram med handsaminga av