Stortinget - Møte tysdag den 30. januar 2001 kl. 10

Dato: 30.01.2001

Formalia

Presidenten: Representantane Aud Blattmann, Terje Johansen, Anita Apelthun Sæle, Tomas Norvoll, Lars Rise, Annelise Høegh og Jan Simonsen, som har vore permitterte, har igjen teke sete.

Følgjande innkalla vararepresentantar har teke sete:

For Buskerud fylke: Gerd Johnsen

For Hedmark fylke: Magnhild Afseth Olrud

Val av settepresident

Presidenten: Presidenten vil foreslå at det blir valt ein settepresident for Stortingets møte i dag – og ser det som vedteke.

Presidenten ber om forslag på settepresident.

John I. Alvheim (Frp): Jeg foreslår Kenneth Svendsen.

Presidenten: Kenneth Svendsen er foreslått som settepresident. – Andre forslag ligg ikkje føre, og Kenneth Svendsen er samrøystes vald som settepresident for dagens møte.

Statsråd Siri Bjerke la fram 2 kgl. proposisjonar (sjå under Referat).

Presidenten: Representanten Børge Brende vil sette fram eit privat forslag.

Børge Brende (H): På vegne av representanten Jan Petersen og meg selv vil jeg fremsette forslag om å frita treningsstudioer fra merverdiavgift.

Presidenten: Forslaget vil bli handsama etter reglementet.

Etter ønske frå energi- og miljøkomiteen vil presidenten foreslå at sakene nr. 1–4 blir handsama under eitt – og ser det som vedteke.