Stortinget - Møte torsdag den 9. oktober 2003 kl. 10

Dato: 09.10.2003

Formalia

Minnetale over stortingsrepresentant Magne Aarøen

Presidenten: Ærede medrepresentantar!

Det var med stor sorg vi i sommar fekk meldinga om at Magne Aarøen, representant frå Sogn og Fjordane, var gått bort. Han døydde i heimen sin i Sandane natt til 27. juni, knapt 59 år gamal.

Magne Aarøen vart fødd 28. april 1944. Etter framhandsskule, folkehøgskule og statsrealskule utdanna han seg til lærar. Seinare utdanna han seg vidare innan samfunnsfag, sosialpedagogikk, edb og media. Aarøen hadde stillingar som lærar og undervisningsinspektør frå 1967 til 1987, frå 1971 i Selje kommune. I 1985 tok han eit års avbrekk frå læraryrket og arbeidde som journalist i Sunnmørsposten. Seinare flytta han og familien til Gloppen kommune, og frå 1987 var han rektor ved Sandane skule.

Magne Aarøen var politisk engasjert heilt frå studietida, og hadde verv for Kristeleg Folkeparti i heile sitt vaksne liv. I Selje representerte han Kristeleg Folkeparti i kommunestyret, han var varaordførar frå 1979 til 1981 og ordførar frå 1981 til 1983. Også i Gloppen var Aarøen engasjert i lokalpolitikken, som medlem i formannskapet i to periodar på 1990-talet.

I tida frå 1987 til 1991 sat Aarøen i fylkestinget i Sogn og Fjordane, der han også var varamedlem i ein periode på 1970-talet. Han hadde vidare ei rekkje andre offentlege verv på kommune- og fylkesplan, samt verv i Kommunenes Sentralforbund og Lærerlaget.

I 2001 vart Aarøen vald inn på Stortinget og tok fatt på arbeidet i sosialkomiteen. Han kjende allereie då godt til Stortinget sitt arbeid, etter å ha vore vararepresentant i to periodar på 1980- og 1990-talet.

Før Aarøen vart stortingsrepresentant, hadde han hatt tillitsverv på alle nivå i Kristeleg Folkeparti. Han var som ung både lokallagsleiar, fylkesleiar og sentralstyremedlem i Kristeleg Folkepartis Ungdom. I moderpartiet var Aarøen gjennom heile sitt vaksenliv lokallagsleiar i fleire kommunar. Han var nestleiar og seinare leiar i Kristeleg Folkeparti sitt fylkeslag i Sogn og Fjordane, og medlem av landsstyret i partiet frå 1992 til 1996.

Aarøen var såleis ein veteran i Kristeleg Folkeparti, og han etterlèt seg ein ruvande politisk innsats, jamvel om tida som vald stortingsrepresentant vart kort. På Stortinget vart Aarøen sosialpolitisk talsmann for Kristeleg Folkeparti. Kollegaene kan fortelje at det var ei oppgåve han passa til og utførde på ein god måte. Magne Aarøen ville sikre dei unge ein trygg oppvekst, og han hadde eit stort politisk hjarte. Som politikar var han grundig, som person var han jovial og omgjengeleg. Han hadde alltid tid til å slå av ein prat, og han var flink til å sjå til kvar og ein av dei han hadde rundt seg.

Vi vil hugse Magne Aarøen som ein varm forkjempar for distrikta og lokalsamfunna våre. Han var ein medviten representant for fleire av dei politiske motkulturane som har prega landet vårt: lekmannsrørsla, målrørsla og fråhaldsrørsla. Verdiane frå desse motkulturane var levande til stades i Aarøen sitt politiske virke. Han viste stor kløkt i å skape handfast politikk ut av denne politiske arven.

Det gjekk berre nokre få veker frå Magne Aarøen fekk vite at han hadde kreft, til han gjekk bort. Det gjorde eit sterkt inntrykk på mange å sjå korleis han nytta dei siste vekene til å avleggje frimodige vitnemål om si kristne tru, som gav meining til livet og tryggleik framfor døden. Magne Aarøen viste stort mot då han fekk vite om den alvorlege sjukdomen han var råka av. Dei som arbeidde saman med Aarøen, sit igjen med det gode minnet om ein samfunnsmedviten borgar og ein frimodig kristen. Få var så levande til stades i livet som nettopp han.

Vi minnest Magne Aarøen i djup respekt og lyser fred over hans minne.

Representantene påhørte stående presidentens minnetale.