Stortinget - Møte tirsdag den 8. juni 2004 kl. 10

Dato: 08.06.2004

Formalia

Minnetale over tidlegare stortingsrepresentant og statsråd Bergfrid Fjose

Presidenten: Vyrde medrepresentantar!

Tidlegare stortingsrepresentant og statsråd for Kristeleg Folkeparti Bergfrid Fjose sovna stille inn 13. mai. Ho vart 89 år gamal.

Fjose vart fødd i Ullensvang i Hardanger i 1915. Her vaks ho opp i ein levande og kulturopen heim. Ho fekk rike impulsar frå miljøet rundt folkehøgskulen der faren hennar var rektor, og ho vart prega av dei kulturelle verdiane som folkehøgskulen representerte.

Fjose tok sjølv pedagogisk utdanning og arbeidde som lærar fleire stader. Ho var samstundes aktiv i kommunepolitikken, og på 1950-, 1960- og 1970-talet representerte ho Kristeleg Folkeparti i kommunestyret i Kvam, Årdal og Fana.

Fjose hadde ei lang rekkje offentlege verv. Ho var m.a. medlem av kommunale skule- og kulturstyre, Vinmonopolets råd, Det kriminalitetsforebyggende råd og Statens eldreråd. Ho var styreleiar ved Statens attføringsinstitutt i Bergen i tida 1977–1982, og ho var varaformann i Dagspresseutvalet av 1980 i to år.

Både før og etter at ho var stortingsrepresentant, var Bergfrid Fjose sterkt engasjert i ulike frivillige organisasjonar, særleg knytte til fråhaldssaka, målsaka og misjonen. Gjennom store delar av sitt vaksne liv var ho dessutan speidarleiar.

Fjose gjorde òg ein stor innsats i kampen mot atomvåpen og for fred. Ho hadde sjølv kjent følgjene av krigen på kroppen som flyktning i Sverige i åra 1943–1945.

I 1969 vart Fjose vald inn på Stortinget. Fjose var den første kvinna som vart vald inn på fast plass for Kristeleg Folkeparti. Ho var òg leiar i Kristeleg Folkepartis Kvinner. I tillegg til at ho kjempa for kvinnenes plass i partiet, var ho ei inspirasjonskjelde for dei unge i Kristeleg Folkeparti, og ho opna mange dører for dei.

Bergfrid Fjose var stortingsrepresentant i to periodar. Frå 1969 til 1972 var ho medlem av protokollkomiteen. Frå 1973 til 1977 var ho leiar i administrasjonskomiteen.

Fjose var sosialminister i Korvald-regjeringa frå 1972 til 1973. Det strekte seg ei klar line frå det engasjementet som hadde forma Fjose utanfor politikken, til dei initiativa ho tok som statsråd. Mellom anna vart forbodet mot alkoholreklame gjennomført i hennar tid som sosialminister.

Åtte år på Stortinget er ikkje noko langt strekk i eit liv på 89 år, ikkje eitt år som statsråd heller. Men med sitt uredde engasjement, sitt gode humør og sitt solide politiske handverk sette Fjose markante spor etter seg.

I løpet av året som statsråd rakk ho å verte folkekjær, og breie lag av folket fekk stifte kjennskap med hennar avvæpnande sjølvironi og venlege vesen. Få hadde så mange vener i alle politiske leirar.

Kampen for kvinners plass i politikk og samfunnsliv, omsorga for dei svakaste og arbeidet mot krig hadde ei sterk talskvinne i Bergfrid Fjose.

Vi minnest henne med stor takksmed og lyser fred over hennar minne.

Representantene påhørte stående presidentens minnetale.

Presidenten: Fra representanten Henrik Rød foreligger søknad om permisjon i tiden fra og med 9. juni til og med 11. juni for å delta i en Wilton Park-konferanse i Dubrovnik, Kroatia.

Etter forslag fra presidenten ble enstemmig besluttet:

  • Søknaden behandles straks og innvilges.

  • Vararepresentanten, Ulf Leirstein, innkalles for å møte i permisjonstiden.