Stortinget - Møte onsdag den 16. januar 2008 kl. 10

Dato: 16.01.2008

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 8

Åge Austheim (FrP) [11:42:42]: Mitt spørsmål til statsråden er følgende:

«Eierkommunene i Fastlandsfinans har søkt Samferdselsdepartementet om å få forskuttere nødvendig utbedring av Freifjordtunnelen. I ni år har saltvann rent inn, stein, lysarmatur og nå nylig en vifte har falt ned. Samtidig har trafikkveksten vært høy, og mange trafikanter opplever utrygghet når de kjører gjennom tunnelen.

Når vil nødvendig utbedring av Freifjordtunnelen kunne starte, og vil statsråden ta grep for å forsere oppstart av utbedring?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:43:25]: Som eg svara i spørjetimen onsdag 21. november 2007 på spørsmål frå representanten Leif Helge Kongshaug, er det ei prioritert oppgåve å kome i gang med å rehabilitere Freifjordtunnelen. Den avgjerande grunnen til at arbeidet enno ikkje har starta opp, er manglande avklaringar frå Arbeidstilsynet på eit arbeidsopplegg som sikrar eit tilfredsstillande arbeidsmiljø for dei som skal gjennomføre rehabiliteringsarbeidet. Statens vegvesen har lagt fram eit arbeidsopplegg som inneber at rehabiliteringa av Freifjordtunnelen kan gjennomførast parallelt med at trafikken vert avvikla. Arbeidstilsynet har i brev av 14. desember 2007 gjort vedtak om at dei ikkje vil tillate arbeid i Freifjordtunnelen kombinert med avvikling av trafikk. Statens vegvesen vil på prinsipielt grunnlag klage på vedtaket frå Arbeidstilsynet.

Rehabiliteringa av Freifjordtunnelen er føresett finansiert med midlar frå det sentrale tunnelsikringsprogrammet. Det kan vere mogleg å starte opp prosjektet med forskotterte midlar i 2008 mot seinare refusjon frå staten, dersom det vert tillate å setje i gang arbeida. Statens vegvesen vil vurdere denne moglegheita så snart det ligg føre ei avklaring i høve til Arbeidstilsynet og eit nytt kostnadsoverslag for Freifjordtunnelen.

Åge Austheim (FrP) [11:44:46]: Jeg takker statsråden for svaret og stiller følgende oppfølgingsspørsmål: Da Hanekleivtunnelen fikk behov for utbedring, ble arbeidet igangsatt umiddelbart - og uten krav om bompengebetaling fra trafikantene. I Freifjordtunnelen må trafikantene betale bompenger, og ni år er gått uten at nødvendig utbedring er gjennomført.

Ser statsråden at dette kan oppleves som en urimelig forskjellsbehandling?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:45:26]: Det er viktig å streke under at årsaka til at det ikkje er starta opp rehabilitering av Freifjordtunnelen, ikkje handlar om økonomi i dag. Det handlar om at Arbeidstilsynet har gjort eit vedtak som nektar Statens vegvesen å utføre arbeid medan det går trafikk i tunnelen. I Vestfold kunne ein stengje tunnelen og ha enkle omkøyringsvegar - rett nok belastande for lokalsamfunnet - men det er likevel ei mykje meir krevjande oppgåve å finne slike løysingar i Freifjordtunnelen.

Det er òg eit prinsipielt spørsmål om det skal vere forbod mot trafikk i tunnelar medan ein har rehabilitering. Dei fleste tunnelar som har vore under rehabilitering, har vorte rehabiliterte medan trafikken har vorte avvikla i trygge former. At ein her har gjort eit slikt vedtak i Arbeidstilsynet, er det derfor nødvendig å avklare tydelegare. Det er derfor Statens vegvesen ankar, for det er òg ei prinsipiell sak, som gjeld heile landet.

Åge Austheim (FrP) [11:46:32]: Jeg avslutter med følgende tilleggsspørsmål til statsråden: Det foreligger en søknad fra Fastlandsfinans om å forlenge perioden for bompengeinnkreving ved Freifjordtunnelen. Vil Samferdselsdepartementet svare ja eller nei på den søknaden som nå har foreligget i svært lang tid?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:47:00]: Til det kan eg verken svare ja eller nei her. Det er ei sak som går som vanleg - gjennom Vegdirektoratet til departementet. Når saka er ferdig handsama, skal me sjølvsagt sende henne vidare. Då skal òg svaret på det kome.

Berre ei tilleggsopplysning i forhold til mitt førre svar: Det er òg klart at det vedtaket som er gjort i Arbeidstilsynet, ganske sterkt fordyrar både Ålesundstunnelane og Freifjordtunnelen. Det er slik viktig å sjå på - og det må eg kanskje gjere i samarbeid med statsråd Bjarne Håkon Hanssen - regelverket for Arbeidstilsynet og korleis dei handhevar dette. Dette har òg ei økonomisk side, som på sikt kan verte viktig i høve til avviklinga av rehabiliteringsarbeid i tunnelar.

Presidenten: Spørsmål 9 vil bli besvart til slutt i spørretimen.