Stortinget - Møte tysdag den 20. mai 2008 kl. 10

Dato: 20.05.2008

Formalia

Presidenten: Det ligg føre ei rekkje permisjonssøknader:

  • frå representantane Erling Sande og Sigvald Oppebøen Hansen om permisjon i tida frå og med 20. mai til og med 22. mai - begge for å delta som valobservatørar for OSSEs parlamentariske forsamling ved valet i Georgia

  • frå Arbeidarpartiets stortingsgruppe om sjukepermisjon for representanten Rolf Terje Klungland frå og med 20. mai og inntil vidare

  • frå Framstegspartiets stortingsgruppe om sjukepermisjon for representanten Vigdis Giltun frå og med 20. mai og inntil vidare

  • frå representanten Torbjørn Andersen om velferdspermisjon frå og med 20. mai og inntil vidare

  • frå representanten Vidar Bjørnstad om velferdspermisjon frå og med 20. mai og inntil vidare

Presidenten foreslår at desse søknadene blir handsama straks og innvilga - og ser det som vedteke.

Frå første vararepresentant for Telemark fylke Lise Wiik ligg det føre søknad om å bli friteken for å møte i Stortinget under representanten Sigvald Oppebøen Hansens permisjon, på grunn av utanlandsopphald.

Presidenten foreslår at denne søknaden blir handsama straks og innvilga - og ser det som vedteke.

Etter forslag frå presidenten vart samrøystes vedteke:

  • Følgjande vararepresentantar blir innkalla for å møte i permisjonstida:

    For Aust-Agder fylke: Ingrid Skårmo

    For Vest-Agder fylke: Tom Rune Thorvaldsen

    For Akershus fylke: Anita Orlund

    For Sogn og Fjordane fylke: Knut Magnus Olsen

    For Telemark fylke: Sindre Fossum Beyer

    For Østfold fylke: Per Egil Evensen

  • Anita Orlund blir innvald i Lagtinget for den tida ho møter for representanten Vidar Bjørnstad.

Presidenten: Ingrid Skårmo, Tom Rune Thorvaldsen, Anita Orlund, Knut Magnus Olsen, Sindre Fossum Beyer og Per Egil Evensen er til stades og vil ta sete.

Val av setjepresidentar

Presidenten: Presidenten vil foreslå at det blir valt to setjepresidentar for Stortingets møte i dag og resten av denne veka - og ser det som vedteke.

Presidenten vil foreslå Solveig Horne og Anders Anundsen. - Andre forslag ligg ikkje føre, og Solveig Horne og Anders Anundsen er samrøystes valde som setjepresidentar for Stortingets møte denne veka.

Utanriksminister Jonas Gahr Støre la fram 5 kgl. proposisjonar (sjå under Referat).

Presidenten: Representanten Harald T. Nesvik vil setje fram eit representantforslag.

Harald T. Nesvik (FrP) [10:04:29]: På vegne av stortingsrepresentantene Jan-Henrik Fredriksen, Per Egil Evensen og meg selv har jeg gleden av å fremme et forslag om etablering av nasjonalt kompetanse- og behandlingssenter for barn med hjerneskade.

Presidenten: Forslaget vil bli handsama etter reglementet.