Presidenten: Representanten Vidar Bjørnstad, som har vore permittert, har igjen teke sete.
Den innkalla vararepresentanten for Buskerud fylke, Nina Mjøberg, har teke sete.
Frå Arbeidarpartiets stortingsgruppe
ligg det føre søknad om sjukepermisjon for representanten
Hill-Marta Solberg frå og med 27. mai og
inntil vidare.
Presidenten foreslår at denne søknaden
blir behandla straks og innvilga - og ser det som vedteke.
Frå
første vararepresentant for Nordland fylke, Knut Petter Torgersen, ligg det føre søknad om å bli friteken
frå å møte i Stortinget under representanten Hill-Marta
Solbergs permisjon, av velferdsgrunnar.
Presidenten foreslår
at også denne søknaden blir behandla straks og innvilga - og
ser det som vedteke.
Andre vararepresentant for Nordland fylke, Gunnar
Skjellvik, blir innkalla for å møte
i permisjonstida. - Det er vedteke.
Gunnar Skjellvik er til stades
og vil ta sete.
Val av setjepresidentar
Presidenten: Presidenten vil gjere framlegg om at det blir valt
to setjepresidentar for Stortingets møte i dag og for resten av inneverande
veke - og ser det som vedteke.
Presidenten vil gjere framlegg om
Anders Anundsen og Hans Frode Kielland Asmyhr. - Andre forslag ligg ikkje
føre, og Anders Anundsen og Hans Frode Kielland Asmyhr er samrøystes
valde som setjepresidentar for Stortingets møte denne veka.