Stortinget - Møte tysdag den 24. mars 2009 kl. 10

Dato: 24.03.2009

Formalia

Presidenten: Frå Kristeleg Folkepartis stortingsgruppe ligg det føre søknad om permisjon for representanten Laila Dåvøy i tida frå og med 24. mars til og med 26. mars for å delta i møte i EFTA-parlamentarikarkomiteane og Den felles EØS-parlamentarikarkomiteen i Strasbourg.

Etter forslag frå presidenten vart samrøystes vedteke:

  • Søknaden blir handsama straks og innvilga.

  • Vararepresentanten, Knut Arild Hareide, blir innkalla for å møte i permisjonstida.

Presidenten: Knut Arild Hareide er til stades og vil ta sete.

Representanten Trine Skei Grande vil setje fram eit representantforslag.

Trine Skei Grande (V) [10:01:30]: Jeg vil på vegne av representantene Olemic Thommessen, Hans Olav Syversen og meg selv fremme forslag om at Stortinget får behandle en sak om Nasjonalmuseets framtidige innretning og lokalisering.

Presidenten: Forslaget vil bli handsama etter reglementet.