Stortinget - Møte onsdag den 10. mars 2010 kl. 10

Dato: 10.03.2010

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 2

Frå representanten Bjørn Lødemel til nærings- og handelsministeren:

«Viser til tidlegare brev angåande gjenoppretting av offentlege ferjeruter på Fjærlandsfjorden og Nærøyfjorden som del av dei nasjonale turistvegane. Brevet vart oversendt til samferdsleministeren som gav eit svar ut frå eit samferdslesynspunkt. Det var ikkje hensikta med brevet.

Kva tiltak vil statsråden sette i verk for å nytte dei nasjonale turistvegane som eit viktig verkemiddel for å skape næringsutvikling både lokalt og nasjonalt, og kva vil statsråden gjere for at desse viktige tiltaka i Sogn kan realiserast?»

Presidenten: Dette spørsmålet er overført til samferdselsministeren som rette vedkommende. Spørsmålet er imidlertid trukket tilbake.