Stortinget - Møte torsdag den 14. juni 2018

Dato: 14.06.2018
President: Magne Rommetveit
Dokumenter: (Innst. 410 S (2017–2018))

Søk

Innhold

Sak nr. 5 [11:15:27]

Innstilling fra Stortingets presidentskap om endringer i Reglement om register for stortingsrepresentantenes verv og økonomiske interesser (Innst. 410 S (2017–2018))

Talere

Presidenten: Presidenten vil føreslå at taletida vert avgrensa til 3 minutt til kvar partigruppe og 3 minutt til medlemer av Stortingets presidentskap.

Vidare vil presidenten føreslå at det ikkje vert gjeve høve til replikkar, og at dei som måtte teikna seg på talarlista utover den fordelte taletida, får ei taletid på inntil 3 minutt.

– Det er vedteke.

Tredje visepresident Magne Rommetveit (A) []: Presidentskapet legg med dette fram ei samrøystes innstilling om endringar i reglementet om register for verva og dei økonomiske interessene til representantane.

Endringane er ei oppfølging av tilrådingar frå Europarådets antikorrupsjonsorgan, Greco. For det fyrste føreslår presidentskapet at det vert plikt til å oppgje gjeld og garantiansvar ein har i næringstilhøve over høvesvis 10 og 20 gongar G. Registreringsplikta gjeld berre gjeld som representanten personleg heftar for. Det ligg i dette at gjeld i eit aksjeselskap ein har eigarinteresser i, ikkje skal registrerast. Formålet med registeret er å gje informasjon om økonomiske tilhøve som har offentleg interesse, slik at ein synleggjer kva for økonomiske kontaktar representantane har.

Presidentskapet meiner at det kan vera like viktig å vera open om personlege skulder av noko omfang i næringsverksemd som om investeringar ein har. Samstundes må reglane vera praktikable. Eg meiner me her har funne ein rimeleg balanse mellom desse omsyna med dei nye reglane.

For det andre vert det gjeve ein regel om at representantar har høve til å leggja inn annan informasjon om interesser av særleg personleg eller økonomisk art, dersom ein meiner det har offentleg interesse. Presidentskapet tenkjer her særleg på informasjon i samband med ei sak Stortinget skal handsama, der representanten opplever at han har ein interessekonflikt. Det kan vera tilfelle der representanten har verv eller andre bindingar i ei sak som i særleg grad har konsekvensar for han, eller til dømes ein planlagd vegtrasé som går over eigedomen hans og vil få stor innverknad på verdien av denne. Registeret kan då nyttast til å informera om dette, slik at ein unngår spekulasjonar i ettertid.

I innstillinga vert det elles gjort greie for fleire tiltak presidentskapet vil setja i verk som ledd i oppfølginga av tilrådingane frå Greco, m.a. ved å ta inn ei tilvising i etisk rettleiar om at relevant informasjon knytt til einskildsaker Stortinget handsamar, kan leggjast inn i registeret. Med dette oppmodar eg om at ein følgjer tilrådinga frå presidentskapet.

Torgeir Knag Fylkesnes (SV) []: Dette er jo ein diskusjon som har gått over fleire periodar og år. I førre periode blei det sett ned ein eigen reglementskomité som bl.a. skulle sjå på registreringa av økonomiske interesser og andre interesser representantar har. Eg vil seie at prosessen vi gjennomførte der, var god, og vi kom fram til eit samrøystes vedtak.

I korte trekk var intensjonen til reglementskomiteen at økonomiske interesser skal rapporterast – ikkje kan, men skal. Det var det store prinsipielle skiftet Stortinget gjorde. For oss i SV har det heile tida vore eit spørsmål om å sikre at avgjerdene som Stortinget tek, er så opne som mogleg. Stortingsrepresentantar har sjølvsagt bindingar til samfunnet. Det kan vere økonomiske bindingar, ulike typar politiske interesser, traséval for ein jernbane eller ei vegstrekning osv.

Det viktigaste Stortinget gjer for å unngå at ein får mistankar retta mot seg om at avgjerder er påverka av interesser som stortingsrepresentantane har, er at ein er open om dette – eksplisitt open. Det var på mange måtar akkurat det reglementskomiteen landa på; vi skulle vere eksplisitt opne. Det medførte også at vi stilte krav om at økonomiske interesser skal rapporterast.

Det er med den bakgrunnen eg les forslaget frå presidentskapet, og i forslag nr. 3 meiner eg vi skal endre ordlyden frå «kan» til «skal». Det er ei veldig enkel endring av ordlyden, og eg meiner ho er i tråd med intensjonen til komiteen og synet til det breie fleirtalet i Stortinget. Det vil vere ein fordel for Stortinget å ikkje opne for den typen kan-setningar, også for representantane sin del, slik at dette er noko ein skal eller ikkje skal, og at det er ein klar regel.

Vi har to andre forslag, og dei gjeld garantiar og gjeld. Vi ser ikkje kvifor ein skal heilt opp i 10 og 20 gongar grunnbeløpet for å rapportere inn. Vi meiner at ein her kan sjå over grensa til Sverige på kva reglar dei har. Dei har det som svarer til to gongar grunnbeløpet. 10 gongar grunnbeløpet er rundt 1 mill. kr, og 20 gongar er 2 mill. kr. Det er betydeleg med pengar. Vi meiner at vi skal senke nivået betydeleg.

Med det ønskjer eg å fremje SVs forslag i saka og håper på ei imøtekomande haldning frå resten av Stortinget.

Presidenten: Representanten Torgeir Knag Fylkesnes har teke opp dei forslaga han refererte til.

Fleire har ikkje bedt om ordet til sak nr. 5.