Stortinget - Møte torsdag den 25. april 2024 *

Dato: 25.04.2024
President: Masud Gharahkhani
Dokumenter: (Innst. 257 S (2023–2024), jf. Dokument 8:89 S (2023–2024))

Søk

*) Referatet er ennå ikke korrekturlest​.

Sak nr. 2 [10:15:40]

Innstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Sylvi Listhaug, Frank Edvard Sve og Morten Stordalen om utbedring av Veibustkrysset på E3 (Innst. 257 S (2023–2024), jf. Dokument 8:89 S (2023–2024))

Talere

Presidenten []: Etter ønske fra transport- og kommunikasjonskomiteen vil presidenten ordne debatten slik: 3 minutter til hver partigruppe og 3 minutter til medlemmer av regjeringen.

Videre vil det – innenfor den fordelte taletid – bli gitt anledning til inntil fem replikker med svar etter innlegg fra medlemmer av regjeringen, og de som måtte tegne på talerlisten utover den fordelte taletid, får også en taletid på inntil 3 minutter.

Geir Inge Lien (Sp) [] (ordførar for saka): Eg vil takke komiteen for eit godt samarbeid og forslagsstillarane for å ha sett saka på kartet. Dette prosjektet er viktig for sikkerheita, framkomelegheita og utviklinga av ein heil region. Veibustkrysset på E39 i Suldal kommune i Møre og Romsdal er svært utsett for ulykker. Det er ei vegstrekning der det har vore fleire ulykker og dødsulykker i løpet av siste åra.

Veibustkrysset i Suldal kommune har ein høg trafikkbelastning, med ein ÅDT på minst 17 000 bilar i døgnet. Strekninga krysset ligg i, er svært viktig for næringslivet og for folk i regionen. Vegstrekninga er tilknytt eit større næringsområde, mange bustader og har svært mykje tungtrafikk, med bilar som går inn og ut av E39. Det er klart vi må byggje planfritt kryss der.

Veibustkrysset er, som sagt, eit viktig kryss som det hastar med å få realisert. Dette prosjektet er til godt under 200 mill. kr og er ferdig regulert – det vi kallar gryteklart. Prosjektet har ei brei tilslutning i komiteen, slik eg oppfattar det.

Prosjektet Vegsund–Breivika låg inne i NTP-en for 2018–2029, men vart beklagelegvis teke ut av NTP av Høgre-regjeringa for perioden 2022–2023. Det kunne gjort at vi kunne ha vore godt i gang i dag. Når det er sagt, meiner vi at ein ikkje bør styre vegpolitikken etter eit representantforslag. Difor er det utruleg gledeleg at Veibustkrysset har fått ein spesiell status i komande NTP, der det er eitt av seks prosjekt som er prioritert av prosjekt til under 1 mrd. kr.

Det er svært gledeleg at Veibustkrysset har fått ei så høg prioritering i ny nasjonal transportplan for 2025–2036 av Arbeidarparti–Senterparti-regjeringa. No er det berre eit rimeleg godt og klart signal til Statens vegvesen om snarlegast oppstart.

Liv Kari Eskeland (H) []: Me har mange trafikkfarlege kryss og vegstrekningar her i landet. Kvart år døyr det altfor mange personar i trafikken, og enno fleire vert hardt og alvorleg skadde. I tillegg har me eit vegnett som hindrar at næringstransport og privatbilistar kjem effektivt fram. Dette er ei stor utfordring for landet vårt.

Då Høgre sat i regjering saman med Framstegspartiet, gjorde me eit skikkeleg løft for å få fart på vegbygginga, og me prioriterte samferdsel og infrastruktur på ein heilt annan måte enn dei føregåande regjeringane hadde gjort. For oss var det viktig å byggja landet, men det var òg viktig å tryggja vegane og ferdselsårene våre mot ras og skred og sikra framkomelegheit. Gode vegar får ned ulykkestala, noko me har sett når dei gode vegprosjekta står ferdige.

Kvar stortingsperiode vert det lagt fram ein ny NTP – eit plandokument som fortel kva ambisjonar den til ei kvar tid sitjande regjeringa har for infrastruktur og samferdsel. Frå vår periode i regjering hadde me nokre stolpar som var slått ned. Me bygde landet saman, me bygde stein på stein, og me var føreseielege i våre prioriteringar. Me reformerte vegsektoren, me strukturerte NTP i porteføljar, og me sette samfunnsnytte og tryggleik høgt.

Prosjekt under 1 mrd. kr låg i porteføljen til Statens vegvesen eller Nye vegar, utan at slike prosjekt vart særskilt prioriterte frå Stortingets side eller kommenterte i NTP. Difor vart dette prosjektet teke ut.

Regjeringa har nyleg lagt fram sitt forslag til NTP, og Veibustkrysset står omtala her. Regjeringspartia har allereie vore ute og feira at prosjektet ligg inne. Det betyr at denne regjeringa har gått bort frå prinsippet om ikkje å omtala prosjekt under 1 mrd. kr. Så får me ha tru på at omtalen som ligg i NTP, er god nok, der det står at strekninga kan vera aktuell i planperioden. Me håper at dette gjev tryggleik nok til at den feiringa som regjeringspartia allereie har føreteke, er rettkomen.

Av same grunn som at me ikkje har lagt inn prosjekt under 1 mrd. kr i NTP, ser Høgre at det er krevjande om Stortinget skulle prioritere på enkeltprosjekt her i Stortingssalen utan å sjå porteføljen i ein heilskap. Som eg innleia med, er det mange kryss om hadde fortent Stortingets merksemd om me skulle ha lagt oss på det nivået. Det betyr at me ikkje kjem til å stemma for framlegget, men legg til grunn at det finn si prioritering i denne perioden i porteføljen til Statens vegvesen.

Frank Edvard Sve (FrP) []: Framstegspartiet har ved mange anledningar fremja framlegg om tiltak for trafikktrygging og for trygge vegar, men har jo vorte nedstemt gong etter gong. Vi har også teke initiativ til ein initiativdebatt i Stortinget angåande trafikktrygging, som var ein god debatt der alle partia var veldig einige om at trafikktrygging er viktig. Underteikna og fleire frå Framstegspartiet fremja framlegg angåande Solevågseidet–Veibust–Blindheim–Moa fleire gonger i denne perioden, og dette framlegget er på nytt i tråd med det.

Det er veldig bra at regjeringa har sett forslaga våre og på mange måtar tydelegvis lytta til oss, for no ligg dette prosjektet omtalt i NTP, men det er omtalt og ingenting anna. Det høyrer med til historia at det området vi snakkar om her, altså Solevågseidet–Veibust–Blindheim–Moa er ein av dei verste dødsvegane i Noreg. Det er fem drepne dei tre siste åra – rett nok ingen i det konkrete Veibustkrysset, men det er veldig mange ulykker i Veibustkrysset, og det er veldig alvorlege ulykker i området. Det er altså heile strekninga her som er utfordringa. Den har regjeringa prestert å leggja i avviklingsporteføljen sin, så ho er ikkje lagt inn i NTP i det heile. Når det er sagt, er det bra at Veibustkrysset er lagt inn. Det er bra. Det er viktig og nødvendig.

Så er det sånn at det ikkje står noko om når det skal kome. Når eg høyrer på representanten frå Høgre, vert eg litt undrande til kva politikken eigentleg fører til – kva ein ønskjer for å få gjort noko med dei verste områda i Noreg når det gjeld dødsulykker og andre ulykker. Då burde ein eigentleg støtte dette forslaget. Ein seier at det ikkje er denne måten ein driv politikk på. Kva måte driv ein politikk på då? Ein legg det ikkje inn i NTP, og ein prioriterer det ikkje når vi fremjar framlegg om viktige trafikktryggingstiltak. Det å faktisk vere med og gjere ting i praksis er viktig.

Grunnlaget for det framlegget som vi fremja i denne saka, er å få fart i systemet, få gjort noko i praksis. No er det Statens vegvesen som skal prioritere dette på eigen basis. Vi i Stortinget skal liksom ikkje seie noko om det, men dei skal få styre med sitt. Eg kan love at vi skal følgje med på at dette prosjektet vert gjennomført så fort som mogleg. Det er det som er insentivet vårt med å få det inn i revidert budsjett. Det burde ha vore sett i gang så fort som mogleg. Statens vegvesen kan ta det innanfor budsjetta sine, men her må ein trykkje på. Stortinget er vår moglegheit til gjere det i denne salen, og det gjer vi no, og vi kjem til å følgje opp regjeringa inntil det vert eit regjeringsskifte neste haust. Det er godt mogleg at det er vi som må gjere det i denne saka likevel, ser det ut til.

Då er framlegget teke opp.

Presidenten []: Representanten Frank Edvard Sve har tatt opp det forslaget han refererte til.

Statsråd Jon-Ivar Nygård []: Representantforslaget handler om å framskynde utbedringen av E39 Veibustkrysset i Sula kommune. Veibustkrysset ligger på strekningen E39 Veibust–Blindheim–Moa, som går gjennom Ålesund og Sula kommuner i Møre og Romsdal. Veien er hovedinnfartsåre til Ålesund fra sør og er en av de mest trafikkerte veiene i fylket. Det var om lag 22 000 biler per døgn i gjennomsnitt i 2022. Dette er en veistrekning der det, som man har vært inne på allerede, har vært fem døde i tre ulykker i løpet av de tre siste årene. Veistrekningen er tilknyttet et større næringsområde med svært mye tungbiltrafikk som skal ut på E39.

For denne regjeringen er det viktig å gjøre noe med Veibustkrysset. I ny Nasjonal transportplan er dette nevnt som et av seks veiprosjekter med kostnad under 1 mrd. kr som det er aktuelt å starte opp i første seksårsperiode. Det betyr at det prosjektet er prioritert av denne regjeringen.

Prosjektet E39 Veibustkrysset er ikke omfattet av Statens vegvesens porteføljestyring fordi det er et prosjekt som har en anslått kostnad under 1 mrd. kr. Statens vegvesen har, som man også har vært inne på allerede, en generell fullmakt til å pådra forpliktelser ut over budsjettåret for prosjekter med kostnad under 1 mrd. kr.

Muligheten til å starte opp nye prosjekter i 2024 avhenger selvfølgelig av den økonomiske situasjonen hos Statens vegvesen. Statens vegvesen er delegert ansvaret for å vurdere nettopp det handlingsrommet.

Sula kommune har vedtatt en reguleringsplan der et nytt planskilt kryss på E39 ved Veibust skal erstatte dagens T-kryss.

Byggingen omfatter heving av dagens E39 for å bygge en ny kulvert som tilfredsstiller gjeldende krav til høyde og bredde. Det skal bygges ny vei fra Kongshaugstranda opp til krysset ved E39. For å få et mer trafikksikkert kollektivtilbud bygges det et nytt kollektivområde ved Kongshaugstranda.

Presidenten []: Det blir replikkordskifte.

Frank Edvard Sve (FrP) []: Vi kan i denne saka på ein måte snakke positivt om ei veldig viktig sak, ei sak som vi tydelegvis er ganske einige om må prioriterast, men tidspunktet er det store spørsmålet. Dette prosjektet vil ta to til to og eit halvt år å få realisert. Vi har ingen å miste i området. Det er dagleg, nesten kvar time, nestenulykker der, og det smell i dette krysset kvar månad. Spørsmålet mitt til statsråden er rett og slett kva han vil gjere for å sørgje for at Statens vegvesen faktisk prioriterer dette livsfarlege krysset så fort som i det heile mogleg.

Statsråd Jon-Ivar Nygård []: Jeg mener det er et veldig tydelig signal når regjeringen omtaler det i sitt forslag til ny Nasjonal transportplan. Det vil være sånn at når ny NTPhar vært til behandling i Stortinget, vil vi legge den til grunn for våre budsjetter. Det betyr at vi må sørge for at det er tilstrekkelig med midler til denne typen mindre investeringstiltak.

Frank Edvard Sve (FrP) []: Det er godt å høyre at ein er framoverlent i den saka. Vi skal følgje det tett opp, eg trur ikkje nokon treng å bekymre seg for det. Det som bekymrar oss, er at det gjeld heile strekninga Solavågseidet–Veibust–Blindheim–Moa. Det er riktig som statsråden sa, at Blindheimstunnelen er den mest trafikkerte eittløpstunnelen i Noreg, med 22 000 bilar i døgnet. Denne strekninga har altså regjeringa prestert å leggje i avviklingsporteføljen. Det er kanskje dødsveg nummer to i Noreg når det gjeld alvorlege ulykker og dødsulykker den siste tida – dei siste åra. Kva er grunnlaget for at ein har utelate heile området og ikkje teke det med i NTP –spesielt Blindheimstunnelen, som kanskje er ein av Noregs desidert farlegaste tunellar? Kva er grunnlaget for at han er teken heilt ut av NTP?

Statsråd Jon-Ivar Nygård []: Som representanten er kjent med, er det sånn at når vi skal lage ny Nasjonal transportplan, må vi prioritere hardt. Da er det ikke plass til alle prosjektene. Jeg vil advare mot å kalle utviklingsporteføljen for en avviklingsportefølje, det er ikke sånn vi beskriver utviklingsporteføljen i NTP. Tvert imot sier vi at dette er prosjekter som kan være aktuelle ved ny rullering av NTP. Når man lager en nasjonal transportplan, er det en 12-årsplan. Når det har gått fire år, har man forhåpentligvis gjennomført fire år med prosjekter i planen, og da blir det handlingsrom til å legge inn nye prosjekter. Så det er ikke noe mer komplisert enn det – at det ikke er plass til alt i en NTP.

Presidenten []: Replikkordskiftet er avsluttet.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp) [] (leiar i komiteen): Veibustkrysset er eit særdeles viktig kryss å få gjort noko med. Det ligg på ei trafikkfarleg strekning med høg trafikkmengd, som ein har høyrt her frå statsråden, med årsdøgntrafikk på 22 000. Det har vore mange ulukker, og det er stort behov. I tillegg til at det er høg årsdøgntrafikk, er òg mykje av trafikken der pulserande. Det er relativt nært ikkje berre eitt, men to ferjeleie. Det gjeld både trafikken som kjem på E39 frå Solavågen, og trafikken som kjem over Hareid–Sulesund. All den trafikken her som skal vidare, må via Veibust og deretter Blindheimstunnelen og vidare inn.

Eg merkar meg og vil berre seie òg at det engasjementet som har vore her over tid, er særdeles forståeleg, det er særdeles viktig, frå både lokalbefolkning, industrien på Veibust og andre som altfor ofte vert vitne til alvorlege ulukker, og at ein har behov for å få gjort noko med vegen.

Eg registrerer historieforteljinga til Høgre og representanten Eskeland i denne saka. Det er altså slik at strekninga Vegsund–Breivika, inklusive Veibust, har vore inne i NTP tidlegare. Som saksordføraren sa, låg den strekninga inne i NTP for 2018–2029. I utgangspunktet var det òg eit politisk fleirtal i Ålesund kommune som ville prioritere den strekninga inn som ein del av bypakka. Etter at dåverande samferdselsminister, Jon Georg Dale frå Framstegspartiet, greip inn i prosessen, var det ikkje lenger fleirtal i Ålesund kommune for det. Det vart teke ut av bypakka. Seinare blei prosjektet òg teke ut av høgreregjeringa ved rullering av NTP.

Det gjeld altså heile strekninga frå Vegsund til Breivika, der det er behov for å få gjort noko med både Blindheimstunnelen og andre viktige punkt. No må vi iallfall sørge for i fyrste omgang å få gjort noko med Veibustkrysset. Eg er glad for engasjementet og initiativet som vert teke i salen her, med det representantforslaget vi behandlar i dag.

Regjeringa har vore veldig tydeleg på at dette krysset er eitt av seks mindre prosjekt i Noreg som skal prioriterast i Nasjonal transportplan. Det er ei tydeleg prioritering som vert gjort. Eg meiner det er viktig òg på mindre prosjekt å single ut nokon prosjekt Vegvesenet får ei tydeleg bestilling på at må gjennomførast, og som ein må finne rom for så raskt som mogleg.

Geir Inge Lien (Sp) []: Eg vil takke for ein god debatt i ei viktig sak. Og eg vil berre seie til representanten Liv Kari Eskeland at eg tenkjer at det ikkje er noka sak som er for lita til å engasjere seg i politisk. Desse prosjekta betyr utruleg mykje, og som representanten føre meg her no uttalte, er dette prosjektet utruleg viktig for regionen, og det har òg ein historikk. Det låg inne i eit større prosjekt, altså Vegsund–Breivika, med utruleg stor døgntrafikk, ein ÅDT på 22 000 bilar. Så det er ei utruleg viktig strekning å ha fokus på, det er vi heilt klare på. Då er det viktig å starte med eit sånt prosjekt som Veibustkrysset. Eg må berre seie at då den strekninga blei tatt ut av NTP 2022–2033 av Høgre, var det eit rimeleg stort prosjekt som blei tatt ut.

Eg er veldig glad no for at vi er på sporet igjen, og at vi kan få starta realiseringa av Veibustkrysset snarast.

Liv Kari Eskeland (H) []: Me skal snart jobba – og me held på – med Nasjonal transportplan i komiteen, og det er der me gjer prioriteringane våre. Det er der me tek dei store diskusjonane om korleis vegsektoren skal utvikla seg dei neste tolv åra. Eg kan heller ikkje sjå at sitjande regjering har lagt inn Vegsund–Breivika i den komande nasjonale transportplanen som høgt prioritert i første periode. Når eg då sa at me hadde eit prinsipp om ikkje å leggja inn prosjekt under 1 mrd. kr i vår NTP, altså den frå 2018–2029, var det altså eit prinsipp, og det var grunnen til at dette prosjektet vart teke ut. Men eg helsar denne runden velkomen. Me treng all den utviklinga me kan få av dei viktige vegprosjekta me har her i landet der det er trafikkfarleg, og eg håpar at me har ei regjering som i større grad prioriterer veg og vegsikkerheit enn det me til no har sett.

Frank Edvard Sve (FrP) []: Mitt engasjement og min iver i det politiske arbeidet er å arbeide for små og store saker i område som vi har ansvaret for. Veibustkrysset er eit godt døme på ei slik sak.

Trafikktrygging og trygge vegar har vore noko som Framstegspartiet har jobba med lenge. Det er liten tvil om det faktisk nyttar å stå på, det nyttar å lyfte det fram. Eg trur at dette huset og alle politiske parti er nøydde til å leggje større vekt på trafikktrygging og sikre vegar, og det må få ei høgare prioritering enn det det har fått i ein del samanhengar.

Vi ser av den framlagde nasjonale transportplanen – og eg beklagar det veldig – at heile denne strekninga frå Solavågseidet, Veibust, Blindheim til Moa er heilt ute dei tolv åra i NTP. Det er heilt riktig som leiaren i komiteen sa her at det er i den tolvårsperioden ein skal planleggje prosjektet, men ein har altså teke ut ei av Noregs desidert farlegaste vegstrekningar. Det er veldig bra – som eg har sagt, eg har skrytt av regjeringa – at Veibustkrysset no har vorte sett i fokus, men det er veldig spesielt at denne strekninga, altså E39 totalt sett, ikkje ligg inne. Det er heilt rett, som det også var sagt frå leiaren i komiteen, at det er ikkje 22 000 bilar i døgnet som er rådande for det området. Det er 44 000, kanskje 65 000, fordi ein får trafikken frå to av landets desidert største ferjestrekningar i pulsering rett inn i krysset. Det er heilt riktig som komitéleiaren sa. Det gjer utfordringa endå større, så eg hadde håpt og trudd at dette kunne kome inn.

Vi får sjå kva vi klarar å gjere i det politiske arbeidet framover og med ei eventuelt ny regjering. Eg trur ein må ha ein ny kurs – ein kurs der ein fokuserer på trafikktrygging og trygge vegar betydeleg meir enn ein har gjort no.

Men når det er sagt: Denne saka er på ein måte eit steg i rett retning. Det har ført til at regjeringa har lagt inn Veibustkrysset. Ein skal vere såpass ærleg og ordentleg at ein er fornøgd med det som faktisk er bra også, for det er viktig for dei folka som køyrer der kvar einaste dag, og eigentleg risikerer liva sine kvar dag i det krysset. Så eg håper inderleg at vi får dette fort opp og fram. Eg har stilt spørsmål til statsråden om at han gjer det han kan for at Vegvesenet vert instruert til å få dette på plass, at det vert nok pengar til Statens vegvesen, slik at prosjekta kjem i gang, helst i 2024. Og som eg sa, eg skal love at kjem det ikkje i gang i 2024, er det ikkje siste gongen ein får høyre om denne saka i denne sal. Det skal eg love.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp) []: Eg merka meg at representanten Eskeland meiner at om ein har prosjekt som er under 1 mrd. kr, skal ikkje Stortinget ha noko med den typen prosjekt i det heile, og at det nærmast ikkje er viktig korleis Vegvesenet prioriterer innanfor ramma. For mindre prosjekt er det i NTP-perioden snakk om titals milliardar kroner. Det er veldig mange viktige prosjekt der. Det er også interessant fordi Høgre sjølv har vore med på å definere det ein kallar for utbetringsstrekningar, som òg er prosjekt under 1 mrd. kr i NTP, og som går under potten for andre mindre investeringar.

Om dette hadde vore ei strekning som det skulle gjerast noko med, med tiltak under 1 mrd. kr, kunne Høgre ha vore med på det. Dette er eit punkt som er særdeles trafikkfarleg, og der det har vore mange alvorlege ulykker. Då seier vi frå regjeringspartia si side – med god støtte frå Framstegspartiet her i salen – at det krysset må vi få gjort noko med. Det er ei tydeleg prioritering og bestilling frå vår side. Saman med eit fåtal andre mindre prosjekt i NTP er det noko vi har sagt at vi må få fortgang på, og som vi forventar at Statens vegvesen følgjer opp i etterkant.

Presidenten []: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 2.

Votering, se voteringskapittel