Stortinget - Møte torsdag den 6. juni 2024
Sak nr. 8 [12:22:53]
Innstilling fra justiskomiteen om Endringer i grenseloven og utlendingsloven mv. (interoperabilitet og visuminformasjonssystemet mv.) (Innst. 362 L (2023–2024), jf. Prop. 70 LS (2023–2024))
Talere
Odd Harald Hovland (A) [] (ordførar for sakene): Eg vil takke komiteen, og det er ein samla komité som legg fram innstilling.
Forordningane presidenten har referert, tek sikte på å leggje til rette for ei meir effektiv utnytting av EU-informasjonssystema som understøttar forvaltninga av grense-, migrasjons- og sikkerheitsområdet. Det vert oppretta ein portal som gjer det mogleg for medlemsstatane sine system å søkje i fleire EU-informasjonssystem samtidig. Tilgangen til biografiske og biometriske opplysningar som i dag vert lagra i enkeltdatabasar, vert samla, og det vert etablert moglegheiter for å identifisere personar som er registrerte i fleire system. Dette vil også styrkje moglegheita for å oppdage personar som er registrerte med ulike identitetar, eller som brukar identiteten til ein annan.
Noreg som Schengen-medlem er del av eit felles regelverk om visum som gjev tredjelandsborgarar frå land med visumplikt tilgang til å besøkje Schengen-området i inntil 90 dagar i løpet av ein 180-dagarsperiode. Endringane inneber bl.a. at verkeområdet for visuminformasjonssystemet, som er forkorta VIS, vert utvida til at også informasjon om visum for langvarig opphald og opphaldsløyve skal leggjast inn i databasen, og at VIS vert knytt til andre EU-informasjonssystem for grensekontroll, sikkerheit og migrasjon gjennom interoperabilitet.
Justiskomiteen har lagt fram ei førebels innstilling for utanriks- og forsvarskomiteen, og dei har svart at dei ikkje har ytterlegare merknader.
Når det gjeld sak nr. 8 på dagsordenen, er det også ei samla innstilling frå komiteen. Der vert lovdelen til proposisjonen behandla. Ein føreslår at forordningane vert gjennomførte i grenselova, utlendingslova og SIS-lova ved inkorporasjon. Proposisjonen inneheld også forslag til endringar i utlendingslova, slik at VIS-forordninga med endringar vert gjord til norsk lov, og enkelte endringar i politilova og utlendingslova om opptak og bruk av biometriske opplysningar.
Det vert også føreslått endringar i utlendingslova § 100 b som følgjer opp ei høyring frå 2019, der det etter gjeldande regelverk kan takast ansiktsfoto og fingeravtrykk i utlendingskontrollen og gjerast samanlikningssøk med biometriske opplysningar registrerte i opphaldskort eller grensebuarbevis mv. Forslaget inneber at ein også skal kunne ta søk med biometriske opplysningar mot oppføringar i utlendingsregisteret i slike situasjonar.
Presidenten []: Fleire har ikkje bedt om ordet til sak nr. 8.