Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte torsdag den 15. oktober 2026 *

Dato:
President: Morten Stordalen

*) Referatet er ennå ikke korrekturlest​.

Dagsorden

  • Formalia

  • Sak nr. 1 [10:01:50]

    Redegjørelse av barne- og familieministeren om status, gjennomførte tiltak og videre oppfølging av det som er avdekket om kriminelle aktører i barnevernet (Det vil bli foreslått debatt umiddelbart etter redegjørelsen)
  • Sak nr. 2 [11:18:37]

    Interpellasjon fra representanten Kjersti Toppe til helse- og omsorgsministeren: «Kommunar har plikt etter lov om kommunale helse og omsorgstjenester m.m. til å betre levekåra for vanskelegstilte og førebyggje sosiale problem. Helse- og omsorgstenesta skal samarbeide med andre tenester der det er naudsynt for at pasienten eller brukaren skal få eit heilskapleg og samordna tilbod. Når vi les historia i VG den 14. september om dobbeltdrapet i Ski, er det mange som spør seg kva som svikta og kvifor ikkje det offentlege greip inn og gav hjelp tidlegare. Familien budde i eit forfalle hus, under umenneskelege buforhold og utan pengar eller evne til å ta vare på seg sjølve eller kvarandre. Fleire hadde sendt bekymringsmeldingar, men ingen tok tilsynelatande det heilskaplege ansvaret. Kva gjer statsråden for å unngå liknande historier om manglande hjelp til utsette grupper med personar og familiar som lever under forhold som kan skade deira liv og helse?»
  • Sak nr. 3 [11:36:11]

    Interpellasjon fra representanten Kjersti Toppe til helse- og omsorgsministeren: «Regjeringa har innført eit nytt prinsipp der pengar skal styra utfallet av pasientmøta på fastlegekontoret. Dei nye takstane for sjukmelding premierer legar som ikkje skriv ut sjukmelding til pasienten, eller som skriv ut gradert sjukmelding. Fastlegeordninga i Noreg har vore ein suksess, og tenesta hamnar høgt oppe på omdømemålingar. Den største grunnen til det er tilliten som pasienten har til legen sine vurderingar. Med det nye takstsystemet vert pengar kopla inn slik at legen får meir pengar ved visse avgjerder. Prisen er sviktande tillit. Mange legar vil no få kommentar frå pasientane sine om at vurderingane dei kjem med om sjukmelding, ikkje er faglege, men pengestyrte. Det nye takstsystemet er difor prinsipielt uetisk og ein fare for tilliten mellom pasient og lege. Vil statsråden og regjeringa snarast mogleg endra takstane for fastlegar når det gjeld sjukmelding?»
  • Sak nr. 4 [12:09:42]

    Interpellasjon fra representanten Geir Jørgensen til klima- og miljøministeren: «Rettleiaren til vassforskrifta § 12 seier i punkt 3.1 at det berre er forringing når heile vassførekomsten fell ein tilstandsklasse. EU-domstolen slo i 2015 fast at det er nok at eitt kvalitetselement fell ein klasse. Ligg elementet alt i lågaste klasse, er all vidare forverring forringing. EU har no skrive dette inn i vassdirektivet. Klima- og miljødepartementet skreiv 27. august 2026 til EFTAs overvakingsorgan at punkt 3.1 er uklart, og at rettleiaren skal oppdaterast. Rettleiaren blir brukt i konsekvensutgreiingar i saker som er til handsaming no. Departementet har ikkje sagt kva som gjeld fram til oppdateringa, eller kva som skjer med vedtak som kan byggje på feil terskel. Kva vil statsråden gjere for å sikre at vedtak som er gjorde, og saker under handsaming, byggjer på rett forståing av forringingsforbodet?»
  • Referatsaker

Møtet slutt kl. 14.02.