Representantforslag frå stortingsrepresentantane Liv Signe Navarsete, Sigbjørn Gjelsvik, Geir Pollestad og Geir Adelsten Iversen om nedsetjing av eit offentleg utval som skal føreta ein gjennomgang av konsekvensane av at Storbritannia går ut av EU, og Noreg sine alternativ til EØS-avtalen

Til Stortinget

Bakgrunn

Den 23. juni 2016 røysta eit fleirtal i det britiske folk for å forlate EU. Folkerøystinga markerte ein tydeleg motstand mot ei stadige sterkare sentralisering av makt til Brussel. Ifølgje Lord Ashcroft Polls røysta 49 pst. av leave-veljarane ut ifrå «prinsippet om at avgjerder om Storbritannia bør takast i Storbritannia» som viktigaste motivasjon.

No som Storbritannia går ut av EU, står Noreg overfor ein ny situasjon som krev aktiv og offensiv ivaretaking av norske interesser. Eit godt handelssamarbeid med Storbritannia er viktig for norsk næringsliv. Mellom anna uttala Tore Myhre, internasjonal direktør i NHO, til E24 19. juni 2017 at NHO er

«svært bekymret for at norsk næringsliv blir stående uten en avtale med Storbritannia etter at de forlater EU og EØS i mars 2019».

Storbritannia har over fleire år vore det landet Noreg har eksportert mest varer til. I 2016 eksporterte Noreg varer til Storbritannia for meir enn 155 mrd. kroner ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB). I dag har om lag 320 norske bedrifter etablert seg i Storbritannia. Storbritannia vil etter utmeldinga frå EU igjen få kontroll over heile havområdet sitt og over landet sine fiskeriressursar. Det blir viktig for Noreg å finne felles strategiar for mellom anna fiskeriforvalting i våre havområde.

Det er viktig for Noreg å sikre at me framleis har nære handelssamarbeid med britane. Ei moglegheit for å gjere dette er gjennom at Storbritannia får medlemskap i Det europeiske frihandelsforbundet (EFTA). Skulle britane kome attende til EFTA, vil dei bli inkluderte i eit eksisterande og omfattande handelssamarbeid som er bygd på at kvart land har éi stemme, at endringar skal skje ved konsensus, og at landa framleis skal ha ein sjølvstendig handelspolitikk.

At Storbritannia går ut av EU, skaper ein ny situasjon som både tilhengarar og motstandarar av EØS-avtalen må forhalde seg til. Brexit vil kunne skape ny dynamikk også i Noreg sitt forhold til Europa gjennom at det oppstår eit alternativ til dagens EØS-avtale. Dei utanrikspolitiske vegvala Noreg no kan stå overfor, krev ei heilskapleg forståing og oversikt over konsekvensane og moglegheitene som opnar seg som følgje av at Storbritannia går ut av EU. Det er difor naudsynt at regjeringa set ned eit breitt samansett offentleg utval som skal gjere ein grundig og breiast mogleg gjennomgang av konsekvensane av at Storbritannia går ut av EU, og Noreg sine alternativ til EØS-avtalen.

1. Forslag

På denne bakgrunnen set forslagsstillarane fram følgjande

forslag:

Stortinget ber regjeringa setje ned eit breitt samansett offentleg utval som skal gjere ein grundig og breiast mogleg gjennomgang av konsekvensane av at Storbritannia går ut av EU, og Noreg sine alternativ til EØS-avtalen.

10. oktober 2017

Liv Signe Navarsete

Sigbjørn Gjelsvik

Geir Pollestad

Geir Adelsten Iversen