Representantforslag om å kutte ferjebilletten på Nordøyvegen

Dette dokument

  • Representantforslag 237 S (2021–2022)
  • Fra: Frank Edvard Sve og Morten Stordalen
  • Sidetall: 2
Søk

Innhold

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Regjeringa har varsla at ferjeprisane skal kuttast med 100 pst. til øysamfunn med mindre enn 100 000 passasjerar i året, dette med bakgrunn i at desse øysamfunna har svært store ulemper med dei høge ferjekostnadane for å kunne ta del i det meste i samfunnet. Drifta av ferjene er svært dyr, og kostnadane aukar år for år. Kostnadane i samband med krava om elektrifisering og miljøtilpassing er døme på det som driv opp ferjetakstane, som igjen fører til ekstreme kostnadar for øysamfunna langs norskekysten. Ved å kutte ferjebilletten med 100 pst. for desse øysamfunna tek staten på seg langsiktige kostnadar, som berre aukar år for år. Likevel er dette god samfunnsnytte, då ferjebilletten i realiteten berre er bompengar til evig tid.

Regjeringa Solberg innførte ferjeavløysingsordninga for å kunne byggje fastlandsamband til slike øysamfunn. Denne ferjeavløysingsordninga går ut på å garantere dei årlege statlege løyvingane til eit ferjesamband i ein periode på 45 år. Desse kostnadane vert indeksregulerte, og midlane skal nyttast til bygging og finansiering av fastlandssamband. Denne ordninga er vesentleg billigare for staten enn å dekkje ferjebilletten til evig tid, dette med bakgrunn i at staten dekkjer både kostnadane med ferjedrifta, som er lik ferjeavløysingsordninga, og i tillegg også ferjebillettane og dermed driftskostnadane til ferjeselskapa.

Nordøyvegen er det einaste ferjeavløysingsprosjekt som vert opna midt under innføringa av 100 pst. dekking av ferjebilletten til andre liknande øysamfunn. Nordøyvegen er bygd av Møre og Romsdal fylkeskommune og går til øysamfunna Nordøyane i nye Ålesund kommune. Prosjektet har lagt inn bompengar som er rekna til 600 mill. kroner, som i utgangspunktet skulle vekte ferjebilletten. Eit samla øysamfunn, inkludert næringslivet, har skrive under på at dei ynskjer å betale «ferjebilletten» i form av bompengar i inntil 20 år. Bompengebeløpet har av fleirtalet i fylkeskommunen vorte auka utover dette, som dermed ikkje er i tråd med «kontrakten» med befolkninga og næringslivet. No søkjer Møre og Romsdal fylkeskommune rettvist om at bompengane vert kutta minst lik ferjebilletten i dette prosjektet, slik som det no vert gjort for andre øysamfunn i landet. Det skulle berre mangle også med tanke på at dette ferjeavløysingsprosjektet sparer staten og fylkeskommunen for millionar av kroner i året samanlikna med fortsatt ferjedrift til evig tid.

At regjeringa har avslått søknaden frå Møre og Romsdal fylkeskommune, er heilt uforståeleg for dei fleste. Kvifor dette øysamfunnet skal straffast med bakgrunn i at dei faktisk gjer samfunnet betre, er ikkje lett å forstå. Heile idéen bak ferjeavløysingsordninga er at staten bidreg inn det han skulle bruke på ferjedrifta til det nye vegsambandet. For Nordøyvegen sin del er dette sett til 60,5 mill. kroner i inntil 42 år. Denne summen vert rekna frå ferjetakstane for 2020. Etter dette er takstane sett ned med 30 pst., der staten også tek heile prisavslaget for alle andre ferjesamband. I dag er det to ferjesamband til Nordøyane. Med gratis ferjer ville staten sine utgifter til ferjedrifta ha stige kraftig.

Når vegen blir opna, blir altså staten sin gevinst ved å leggje ned ferjene langt høgare enn 60 mill. kroner årleg. På leiarplass 12. april 2022 hadde Sunnmørsposten ein treffande metafor som viser kor absurd og urettvis denne saka er:

«Om dette var kjøp av ei vaskemaskin dagen før den kom på sal, kunne ein kalle det uflaks. Dette er ikkje uflaks. Her kunne ’seljaren’ ha justert ’prisen’ i etterkant. Utbetalingane har ikkje starta, og sambandet er ikkje opna.»

Dette er politisk uvilje. Her kunne regjeringa sørgt for at staten justerte utbetalinga, for ho har ikkje starta, og sambandet er ikkje opna. Nordøyvegen er det einaste sambandet som står i denne skvisen. Øysamfunn som kjem etter dette, vil få ei betre finansiering og lågare bompengekostnadar. Likebehandling ville vore både rettvist, og logisk - rettvist fordi det er kystsamfunn som står i akkurat den same situasjonen og har dei same utfordringane, logisk fordi staten sine reelle kostnadar med ferjedrifta som blir lagde til grunn i ferjeavløysingsordninga, ikkje er teoretiske tal. Ein snakkar ikkje her om eit lotteri der nokon skal ha ein trøystepremie og andre tar toppgevinsten. Dette er bruk av skattepengar for å fjerne konkurranseulemper som bremsar utviklinga i kystsamfunn.

Forslag

På denne bakgrunnen blir det fremja følgjande

forslag:

Stortinget ber regjeringa sørge for at Nordøyvegen får kutt i bompengar dekt av statlege midlar, tilsvarande ferjebilletten rekna med grunnlag per 1. januar 2021.

21. april 2022

Frank Edvard Sve

Morten Stordalen