Representantforslag om ein konkret og tidfesta opptrappingsplan for utvikling av distriktspsykiatriske senter (DPS)

Søk

Innhold

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Som følgje av opptrappingsplanen for psykisk helse 1999–2008 (St. prp. nr. 63 (1997–98)) blei det etablert distriktspsykiatriske senter (DPS) i heile Noreg. Opptrappingsplanen hadde ei tydeleg politisk satsing på desentralisert struktur av spesialiserte tilbod innan psykisk helsevern. Per januar 2006 var 75 DPS etablerte. Desse skulle ha hovudansvaret for det allmennpsykiatriske tilbodet til innbyggjarane i sitt geografiske område. Dei distriktspsykiatriske sentera blei bygde opp med tanke på at nærleik til pasientane var viktig, og at store institusjonar ikkje lenger skulle vere hovudregelen i behandlingstilbodet. Oppbygginga av DPS skulle sikre desentralisert behandling, bidra til godt samarbeid om pasientar med kommunane, og inngå som del av det heilskaplege behandlingstilbodet innan psykisk helsevern.

I regjeringa sin opptrappingsplan for psykisk helse (2023–2033) (Meld. St. 23 (2022–2023)) er gode og tilgjengelege tenester der folk bur, eitt av tre innsatsområde. Dei to andre innsatsområda er helsefremmande og førebyggande psykisk helsearbeid og tilbodet til personar med langvarige og samansette behov. Opptrappingsplanen skal sikre ei prioritering av psykisk helse-feltet gjennom ein periode på ti år. Stortinget har fatta tydelege vedtak om å be regjeringa stanse nedbygging av sengeplassar i psykisk helsevern og auke kapasiteten i tråd med behovet (jf. Dokument 8:130 S (2019–2020), Innst. 243 S (2020–2021),vedtak 695 og vedtak 696 (2020–2021)).

Trass i opptrappingsplanen og målet om nærleik til tenestene, og Stortingets vedtak om å auke kapasiteten på sengeplassar, er fleire distriktspsykiatriske senter (DPS) lagt ned eller foreslått lagt ned, eller mistar døgnplassar. Det blir ofte vist til økonomi, behov for omstilling og vanskar med rekruttering. Pasient- og brukarorganisasjonane, dei tilsette og fagforeiningane er gjerne sterkt imot endringane. Forslagsstillarane ser med bekymring på denne utviklinga som har skjedd dei siste åra, som gradvis fører til eit meir sentralisert psykisk helsevern, nedbygging av døgnkapasitet i distrikta og lengre reiseveg til nødvendig helsehjelp for alvorleg psykisk sjuke pasientar. Utviklinga i helseføretaka skjer utan ei føring frå fagleg-politisk hald, og konsekvensen er ei sentralisering av tilbod.

Dette er ei problemstilling i fleire helseføretak. I Telemark er døgnbehandling ved Seljord DPS foreslått lagt ned av Sykehuset Telemark HF, med avvikling av ni psykoseplassar. Dersom dette forslaget blir gjennomført, vil døgnplassar for psykosepasientar i Telemark gå ned med 40 prosent, og resttilbodet blir sentralisert til Porsgrunn. Konsekvensane vil vere tap av fagmiljø som er bygd opp over år, og at pasientane får eit dårlegare tilbod der sjuke pasientar får lengre reiseveg til nødvendig psykisk helsehjelp.

Forslagsstillarane vurderer at det trengs ein desentraliseringsplan for psykisk helsevern, med ei politisk satsing på distriktspsykiatriske senter og ei oppbygging, ikkje avvikling, av desentraliserte tilbod. Helseføretaka sine planar for sentralisering av tilbod må stansast. Regjeringa må utarbeide ein konkret og tidfesta plan for utvikling av desentraliserte DPS-tilbod i heile landet.

For å få dette til trengst også ei særskilt satsing på utdanningsstillingar innan både vaksenpsykiatri og barne- og ungdomspsykiatri, for å kunne rekruttere betre til ulike tilbod. Planar som helseføretak har om nedlegging av DPS eller sterk svekking av det desentraliserte tilbodet, inkludert reduksjon av døgnkapasitet, må stoppast inntil ein slik ny opptrappingsplan er lagd fram.

Forslag

På denne bakgrunnen blir det fremma følgjande

forslag:
  1. Stortinget ber regjeringa fremme ein konkret og tidfesta plan for utvikling av distriktspsykiatriske senter i heile Noreg, og hindre nedbygging av slike tilbod.

  2. Stortinget ber regjeringa sørge for at Sykehuset Telemark HF opprettheld distriktspsykiatrisk senter i Seljord med døgntilbod minst på dagens nivå.

  3. Stortinget ber regjeringa sørge for ei særskilt satsing på utdanning og rekruttering av helsepersonell innan psykisk helsevern, og informere Stortinget på eigna måte.

22. oktober 2025

Kjersti Toppe