Bakgrunn
Tilbringartenesta til Oslo lufthamn har vore
ein stor suksess. Tilbodet er eit av dei mest nytta og mest populære
togtilboda i landet.
Etter innføringa av jernbanereforma har planen vore
at tilbringartenesta skal konkurranseutsetjast etter at Flytoget
sin kontrakt går ut i 2027. I staden valde regjeringa å slå saman
Vy og Flytoget og direktetildele kontrakt for trafikken på Austlandet
til Vy. Dermed vil den særskilde tilbringartenesta forsvinne.
Flytoget har over mange år jobba seg opp til
å bli eit selskap med svært nøgde kundar. Det har vore eit veldrive
selskap, som også har drive med innovativ utvikling – til det beste
for dei reisande.
Tilliten til norsk jernbane er svært låg. Dei
siste åra har norske togkundar opplevd svært mange forseinkingar
og kanselleringar. Dette er det mange årsaker til, mellom anna manglande
vedlikehald og mangel på materiell og infrastruktur. Likevel er
det verdt å merke seg at samtidig som tilliten til norsk jernbane
har falle, har Flytoget halde fram med å vere eit svært populært
tilbod. Flytoget har den eldste togparken, men har på grunn av godt
vedlikehald og god styring vesentleg mindre utfordringar enn dei
andre aktørane.
Eit stabilt og føreseieleg togtilbod er svært
viktig for å få fleire til å velje kollektivt. Ved ei avvikling
av tilbringartenesta, og Flytoget som selskap, er det ei frykt for
at fleire vil velje andre transportmiddel til og frå Oslo lufthamn.
Samtidig vil tilliten til norsk jernbane svekkast ytterlegare.