Representantforslag om oppstart av reguleringsplanarbeid for Hardangerviddetunnelar

Dette dokument

  • Representantforslag 56 S (2025–2026)
  • Fra: Trond Helleland, Anne Kristine Linnestad og Ove Trellevik
  • Sidetall: 1
Søk

Innhold

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Villreinstamma på Hardangervidda er den største attlevande villreinstamma i Europa. Samtlege trekkruter for reinen går over riksveg. 7. På kort sikt er ei raskast mogeleg realisering av ein tunnel under Dyranut det beste for villreinen. Riksveg 7 Hardangervidda påverkar i dag villreinen negativt på særleg to måtar. For det første blir det skapt forstyrringar som følgje av trafikken og aktiviteten i området. I tillegg fungerer vegen i dag som ein barriere for villreinen sine vandringsmogelegheiter mellom Hardangervidda og Nordfjella.

Ein miljøtunnel under Dyranut vil ha svært positiv effekt på desse to faktorane. I tillegg vil ein tunnel kunne frigjere areal i dagens vegtrasé, og dermed vil villreinen kunne få eit større, betre og meir samanhengande beiteområde.

Stortinget handsama i 2024 villreinmeldinga (Meld. St. 18 (2023–2024) Ein forbetra tilstand for villrein) og Nasjonal transportplan 2025–2036 (Meld. St. 14 (2023–2024)). Begge innstillingane understrekar verdien av miljøtunnelar på Hardangervidda for å sikre villreinen og ei meir stabil vinterdrift. Ein vanleg vinter kan dagens veg vere stengd i omtrent 1000 timar grunna dårlege vêrforhold.

Stortinget har også vedteke at riksveg 7 Hardangervidda skal vere ein hovudveg mellom Austlandet og Vestlandet for reiseliv og persontrafikk. Det er funksjonsfordeling med riksveg 52 Hemsedalsfjellet som hovudveg for næringstransport. Riksveg 7 Hardangervidda er den kortaste og mest lettkøyrde vegen mellom vest og aust, men har tøffe snøvintrar og mange stengingar. Hardangerbrua opna i 2013 med ferjefritt samband Oslo–Bergen og har dobla trafikken over Hardangervidda.

Det er planar for stegvis utbygging av fem miljøtunnelar på Hardangervidda. Statens vegvesen tilrår at ein startar med Dyranuttunnelen. For å komme vidare trengs det løyve til oppstart av reguleringsplanarbeidet.

Forslag

På bakgrunn av dette blir det fremja følgjande forslag:

forslag:

Stortinget ber regjeringa gje oppdrag til Statens vegvesen om snarast å starte arbeidet med ein reguleringsplan for å etablere trygg heilårsveg over riksveg 7 Hardangervidda.

27. november 2025

Trond Helleland

Anne Kristine Linnestad

Ove Trellevik