Bakgrunn
Det har vore ein tydeleg statleg politikk over
lang tid at ein ynskjer tilgjengelege daglegvarebutikkar i heile
landet. Tilgang på daglegvarebutikk handlar om busetnad, grunnleggande
samfunnsinfrastruktur og beredskap i lokalsamfunna. Det statlege
Merkur-programmet har vore svært viktig for å nå desse målsettingane.
Digitalisering har gjeve ny økonomisk berekraft
for utsette butikkar i Distrikts-Noreg og oppfyller òg fleire av FN
sine berekraftsmål. Stadig fleire butikkar landet over tek i bruk
teknologi for å kunne fjernstyre butikken og ha døgnopen butikk
utan å ha tilsette fysisk til stades i butikken i heile opningstida.
Det statlege Merkur-programmet har bidrege sterkt til å få utvikla
framtidsretta teknologi i eit svært vellukka offentleg/privat-samarbeid.
Fjernstyring sikrar driftsgrunnlaget for dei mindre butikkane gjennom auka
salstider, salsmengde og omsetning. Det gjev fleire arbeidsplassar
og dei tilsette får òg tid til andre oppgåver. I tillegg løyser
det bemanningsutfordringar, både i område det er krevjande å rekruttere
til, og knytt til sjukefråvær. Det utgjer for mange av desse butikkane
heile forskjellen på om butikken er drivverdig eller ei.
I 2018 godkjente det daverande Kommunal- og
moderniseringsdepartementet den første Merkur-daglegvarebutikken
med teknologien RMA-Butikkstyring for sal og utlevering av alkohol.
I dag er det om lag 200 slike butikkar over heile Noreg. Det er
kommunane som gjev salsløyve for alkohol og kontrollerer desse.
Frå 2018 har dette vorte gjort for butikkar med fjernstyring over
heile landet, etter same grundige vurderingar og regelverk som for
ordinære daglegvarebutikkar med berre fysisk betjening. Fjernstyrte
butikkar og ordinære daglegvarebutikkar vert kontrollerte på same
måte og etter same regelverk (alkoholloven og alkoholforskriften).
Helsedirektoratet har uttalt at dei ikkje har
som oppgåve å sette seg inn i dei teknologiske løysingane, men har
likevel dei siste åra sendt fleire brev til kommunane og uttalt
at alkoholsal i fjernbetente butikkar ikkje er i tråd med lovverket.
Direktoratet har jamstilt fjernstyringsteknologien med ubetente
kasser og sal frå automat, som ikkje er lovleg for omsetting av
alkohol etter lova. Direktoratet har vorte oppfordra av fleire kommunar
om å reise ut for å sjå og teste teknologien, men etter det forslagsstillarane
kjenner til, har dei ikkje valt å gjere dette.
Ein ser òg no tilfelle av at statsforvaltarar
overprøver kommunale vedtak om å gje salsløyve til butikkar med slik
fjernstyring, og ber andre kommunar om å revurdere løyve som er
gjeve. Dagens situasjon fører til forskjellsbehandling av butikkar,
og uklare styringssignal frå statlege myndigheiter fører til at
butikkar utsett planar om å investere i fjernstyring.
Kommunal- og distriktsdepartementet har gjennom
Distriktssenteret fått utført ei juridisk utredning frå CMS Kluge
Advokatfirma som konkluderer med at alkoholsal i fjernbetente butikkar
er innafor dagens lovverk. Teknologien som vert nytta, sikrar direkte,
umiddelbar interaksjon mellom kunde og tilsett. Det er alltid tilsette
som vurderer om krava i Helsedirektoratet sin rettleiar for ansvarleg
sal og utlevering av alkohol er oppfylte, med tanke på alder, sal
til openbert rusa personar osb. Den digitale butikkstyringa er fysisk
betent 24 timar i døgnet, 365 dagar i året.