Bakgrunn
Grendehus, samfunnshus, ungdomshus, bedehus og
andre organisasjonseigde bygg er ein viktig del av den kulturelle
infrastrukturen i Noreg. Desse husa har i generasjonar vore møteplassar
for fellesskap, kultur og frivilligheit, og dei spelar ei sentral
rolle for fritidstilbodet til barn og unge over heile landet.
I dei om lag 5 500 organisasjonseigde husa som
finst i dag, blir det kvar veke arrangert ungdomsklubbar, barnediskotek,
kor-, band-, teater- og danseøvingar, husflidskveldar og kurs av
ymse slag. Samstundes fungerer bygga som lokale samlingspunkt og
som ressursar for beredskap og tryggleik i krisesituasjonar.
Om lag 60 prosent av bygga blei reist mellom
1880 og 1960. Dei fleste har dermed store behov for oppgradering,
tilpassing og vedlikehald. Sjølv om eigarlaga kan søkje meirverdiavgiftskompensasjon
for vanleg vedlikehald, fell nybygg, påbygg og ombygging utanfor
dagens ordning. Det inneber at organisasjonane sjølve må bere meirverdiavgifta
også når arbeidet er naudsynt for å sikre universell utforming,
energieffektivisering eller tryggleik – til dømes dersom ein må
utvide eit toalett for å gjere det tilgjengeleg for rullestolbrukarar
eller byte tak med nytt og betre materiale.
Den desentraliserte ordninga for tilskot til
kulturbygg er i dag den einaste statlege støtteordninga frivillige
lag kan søkje til slike prosjekt. Kommunane prioriterer midlane,
men over tid har svært liten del gått til dei frivillige. I 2023
fekk organisasjonseigde bygg om lag 16 prosent av potten på knapt
84 mill. kroner. Ifølgje Huset i Bygda, som har arbeidd med organisasjonseigde
bygg sidan 2010, er det eit vedlikehaldsetterslep på rundt 2 mrd.
kroner. Lokalsamfunna sjølve skaffar store delar av midlane, men
det trengst eit større løft for å hindre at fleire bygg blir rivne
eller forfell.
Forslagsstillarane meiner det er avgjerande
å sikre den kulturelle infrastrukturen i Noreg, og at det òg ligg ein
viktig miljøgevinst i å ta vare på eksisterande bygg framfor å stadig
bygge nytt.