Dette dokument

  • Representantforslag 117 S (2025–2026)
  • Fra: Kjersti Toppe og Geir Inge Lien
Søk

Innhold

Merknader

Midlertidig versjon

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Pasientreiseordninga er ein viktig del av helsetenesta og avgjerande for at pasientar i heile landet kan få naudsynt behandling på ein trygg og verdig måte, og sikre retten til likeverdige helsetenester uansett kor du bur eller din bakgrunn. Pasientreiseordninga må fungere godt for pasientane og ikkje ha manglar eller ein praksis som gjer det problematisk eller utrygt for pasientane å bruke. Forslagsstillarane viser til representantforslag frå Senterpartiet, Dokument 8:98 S (2017–2018), jf. Innst. 196 S (2017–2018), om tiltak for å forbetre og forenkle pasientreiseordninga og sikre forsvarleg drosjetransport for pasientar i regi av helseføretaka, og vedtak 615 L (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen foreta en bred gjennomgang av regelverket for pasientreiser og fremme en sak for Stortinget med tiltak for å forenkle og forbedre ordningen.»

Forslag til endring av pasientreiseforskriften vart sendt på høyring i 2024, og ny forskrift er gjeldande frå 3. mars 2025. Dei endringane som er gjort, er gode. Men som fleire høyringsinstansar tok til ordet for i høyringa, så svarar ikkje desse endringane opp vedtak 615 og forslagsstillarane meiner at det er behov for fleire endringar og forbetringar i organiseringa av pasientreiseordninga enn det som no er innført.

I store delar av Noreg, og særleg i distrikta, er drosjenæringa sjølve bærebjelken i pasientreiseordninga. Dersom rammevilkåra for drosjenæringa blir svekt, har dette direkte konsekvensar for pasientar, pårørande, lokalsamfunna og helseføretaka sjølve.

Forslagsstillarane er bekymra for at dagens pasientreiseordning ikkje er godt nok tilpassa pasientane sine behov og framleis blir oppfatta som lite brukarvenleg. Eldre pasientar med svekka helsetilstand kan ofte oppleve pasientreiseordninga som ei ekstra byrde i møte med helsetenesta. Det blir klaga på kompliserte refusjonsskjema, uklare vurderingar av kva reiser som blir dekka og lange ventetider. Samkøyring gjer at korte reiser kan bli mange gonger så lange, og belastninga for pasientar som bur lengst vekk blir uforholdsmessig stor.

Utviklinga heng også saman med frisleppet av drosjenæringa i 2020, som Drosjeutvalgets NOU-ar (2023:22 På vet mot en bedre regulert drosjenæring og 2024:15 En bedre regulert drosjenæring) dokumenterer tydeleg. Dereguleringa har skapt overetablering i byar, redusert tilbod i distrikta, arbeidsvilkår som undergrev seriøsitet og ein marknad som er dårlegare i stand til å ivareta samfunnskritiske transportbehov. Når helseføretaka sitt anbodsregime samtidig legg sterkt vekt på låg pris, blir seriøse aktørar pressa ytterlegare ut.

Erfaringar frå heile landet viser at prisnivået i anboda gjerne er sett så lågt at at fleire lokale drosjesentralar i distrikta no vel å ikkje levere tilbod. Dette rammar særleg dei mest sårbare pasientgruppene, som er avhengige av drosjetransport for å komme til behandling eller kontroll.

Konsekvensane av for stramme anbodskrav kjem også til syne i konkrete hendingar, slik som episoden der ein pasienttransport gikk tom for strøm i Finnmark midtvinters. Dette er eit direkte resultat av transportører blir møtt med krav som ikkje tar nok høgde for lokale forhold .

Ein ytterligere utfordring er at krav om nullutslippskjøretøy i dag blir stilt både av fylkeskommunene som løyvemyndighet og av Pasientreiser i eigne anbod. Eit tydeleg og samla ansvar hos løyvemyndigheten kunne gitt ryddigare rammeverk og sikre at klimakrav ikkje går på bekostning av pasienttryggleik eller tilgjengeligheit.

Mange av svakheitene i pasientreiseordninga gjeld også det administrative systemet, som framleis kan opplevast som lite brukarvennleg og som kan legge større byrde på sjuke og eldre enn det som er rimeleg. Pasientar kan miste retten til dekning av reiseutgifter, eller måtte legge ut store beløp før refusjon, noko som særleg blir vanskeleg for personar med låg inntekt eller dårlig økonomi. I distrikta kan manglande rutetilbod og høge minimumsavstandar i regelverket gjere at reiser som burde vore dekka, fell utanfor.

Drosjeutvalets arbeid og mindretallets forslag understøttar behovet for ein ny, gjennomgang. Mindretalet tilrår blant anna ein eigenandelsmodell for pasientar i område utan kontrakt, tydelegare og meir treffsikre reguleringar og betre offentleg styring av drosjemarknaden slik at pasientar kan vere trygge på at pasienttransporten faktisk er tilgjengeleg når dei treng det og at transporten skjer på ein trygg måte.

Samla sett er vurderinga at dagens pasientreiseordning treng å forbetrast av omsyn til pasientar som er avhengig av slik transport. Systemet er lite brukarvennleg og dagens anbodsregime pressar prisane men også kvaliteten ned, kapasiteten er for låg i distrikta og ansvarslinene rundt klimakrav og kjøretøyregulering er uklare. Det er difor nødvendig med ein ny og heilskapleg gjennomgang av ordninga, slik at pasienttryggleik, reisetid, beredskap, forutsigbarhet og seriøsitet blir styrande for pasienttransporten i framtida. Det skal opplevast trygt og enkelt å nytte seg av pasientreiseordninga for alle pasientar, i heile landet.

Forslag

På denne bakgrunn fremmast følgjande

forslag:
  1. Stortinget ber regjeringa evaluere pasientreiseordninga, og involvere både pasientar, pårørande, helsepersonell og transportørane i evalueringa, og legge fram eiga sak for Stortinget med forslag til forbetringar.

  2. Stortinget ber regjeringa endre pasientreiseforskriften slik at helseføretak som ikkje har inngått kontrakt om pasienttransport, skal tilby ein ordning der pasienten kan ta drosje utan å betale meir enn eigenandelen for transporten.

  3. Stortinget ber regjeringa pålegge helseføretaka å foreta reelle kostnadsanalysar for pasienttransport i distrikta, og sikre at lokale transportørar kan delta i pasientreiseordninga på økonomisk forsvarlege vilkår.

  4. Stortinget ber regjeringa sikre at anbodsgrunnlag for pasienttransport blir utforma slik at kvalitet, pasientomsyn og beredskap blir vekta høgare enn lågaste pris, og det blir innført minimumskrav til ventetid og reisetid.

  5. Stortinget ber regjeringa sikre at Helse Nord sikrar ny ordning for pasientar som skal ha flytransport slik at total transportreise blir kortast mogleg.

  6. Stortinget ber regjeringa evaluere forsøksordninga med auka sats for overnatting ved pasientreiser, og kome snarleg tilbake til Stortinget med vurdering av å utvide denne til heile landet.

11. februar 2026

Kjersti Toppe

Geir Inge Lien