Bakgrunn
Dei ideelle velferdsaktørane er viktige bidragsytarar til
det samla velferdstilbodet. Ideelle organisasjonar har lang tradisjon
i Noreg, og er ein integrert del av helse- og omsorgstenesta. Slik
ønskjer forslagsstillaren at det også skal vere i framtida, og at
ein får til ein vekst i ideell sektor på velferdsområdet.
Det er no gått to år sidan Støstad-utvalet la
fram sin første delrapport (NOU 2024:1 Definisjon og registrering
av ideelle velferdsaktører) med forslag til definisjon av ideelle
driftsformer, og korleis ideelle aktørar kan registrerast. I dag
finst ikkje ein rettsleg definisjon på kva som utgjer ein ideell
aktør i skattefinansierte velferdstenester, og heller inga registerløysing
for desse.
Forholdet mellom offentlege myndigheiter og
ideelle aktørar har på fleire velferdsområde endra seg dei siste
åra. Tidlegare var forholdet meir prega av eit tillitsbasert velferdssamarbeid,
medan det no er konkurranse i ein tenestemarknad som dominerer forholdet
mellom leverandørar. Relasjonen mellom offentlege myndigheiter og
private leverandørar har også blitt meir kontraktbasert.
Det har vore brei politisk semje om at ideelle
aktørar er ønskte, samstundes som dagens utvikling er utfordrande
for mange ideelle aktørar. Moglegheita til å reservere anskaffingar
for ideelle organisasjonar i anskaffingsregelverket har fått mykje
merksemd. Det er no avklart at det er moglegheit til å reservere
kontraktar for ideelle aktørar (jf. dom i Høgsterett i sak om drift
av sjukeheim i Oslo kommune).
Støstad-utvalet foreslo ein definisjon og register
for ideelle aktørar, for å forenkle oppgåvene til offentlege myndigheiter
som ønskjer å prioritere ideelle velferdsaktørar, forenkle rapportering
for ideelle velferdsaktørar og samle opplysningar om ideelle velferdsaktørar
på éin stad. Rapporten har vore på høyring, høyringsfristen var
27. mai 2024.
Det har gått lang tid, to år, sidan NOU-en blei
lagd fram. No risikerer mange ideelle aktørar å tape kampen i anbodskonkurransar
med det offentlege. Difor hastar det å få på plass eit regelverk
som i større grad legg til rette for at det offentlege kan sikre
stabilitet og vekst for ideelle aktørar, og at det offentlege har
skjerma anbodskonkurransar for ideelle tilbydarar dersom anbod blir nytta.
Forslagsstillaren er bekymra for at regjeringa
ikkje prioriterer saka og ikkje sikrar framdrift. Det blir vist
til skriftleg spørsmål frå Kjersti Toppe til digitaliserings- og forvaltningsministeren
om når ein kan forvente eit lovforslag om registerløysing og juridisk
definisjon av ideelle tilbydarar, med svar 28. november 2025, (Dokument
nr. 15:557 (2025–2026)).