Bakgrunn
Kommunane har hovudansvaret for arealforvalting og
handsaming av byggjesaker. Over tid har både regelverk, sakshandsaming
og system for klagehandtering vorte meir komplekse. Samstundes har
det utvikla seg ein praksis der kommunale vedtak relativt ofte blir utfordra
eller overprøvd av statsforvaltaren, noko som kan føre til lang
sakshandsamingstid, høge kostnader, uvisse for tiltakshavarar og
redusert lokalt sjølvstyre.
Mange kommunar opplever at det i liten grad
blir teke omsyn til kommunale skjønsvurderingar når statsforvaltaren
handsamar klager i byggjesaker. Vidare viser det seg at det er betydeleg
variasjon i korleis statsforvaltarembeta vurderer likearta saker.
Forslagsstillarane ønskjer meir effektiv, tydeleg
og lokalt forankra handsaming av byggesaker. For å få dette til
må regelverket forenklast og statsforvaltaren sitt høve til å overprøve
kommunane reduserast.
Kommunane har den beste kjennskapen til lokale tilhøve
og arealdisponering. Eit klarare regelverk som legg opp til færre
motsegner og mindre overprøving frå statsforvaltaren, vil sikre
ei meir lokalt forankra handsaming av byggjesaker. Statsforvaltaren
sitt høve til å overprøve kommunale vedtak bør avgrensast til berre
å kunne gripe inn ved klare feil, lovbrot eller grove manglar ved
sakshandsaminga.
Eit meir oversiktleg og mindre detaljert regelverk
vil dessutan kunne redusere tvil om tolking og bidra til meir einsarta
vedtak. Dette vil òg kunne styrkje rettstryggleiken for tiltakshavarane.
Ei tydelegare ansvarsdeling og mindre dobbelthandsaming kan frigjere
ressursar både hos kommunane og hos statsforvaltaren og redusere
byråkratiet. Ikkje minst vil ei slik endring innebere raskare, rimelegare
og meir føreseielege byggjesaksprosessar for privatpersonar og næringsliv.
Statsforvaltaren bør òg leggje opp til meir dialog med privatpersonar
og verksemder. Det blir understreka at statsforvaltaren si rolle
som klage- og kontrollinstans for helse- og sosialtenester ikkje
bør svekkjast.