Representantforslag om rekruttering av bioingeniørar til norsk helseteneste

Dette dokument

  • Representantforslag 208 S (2025–2026)
  • Fra: Kjersti Toppe og Ole Herman Sveian
  • Sidetall: 2

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Bioingeniørar er autorisert helsepersonell med ansvar for medisinsk laboratoriediagnostikk, og det blir anslått at om lag to av tre medisinske avgjerder blir tekne på grunnlag av laboratorieresultat. Utan bioingeniørar stoppar sentrale delar av pasientbehandlinga opp. Dette gjeld alt frå akuttmedisin, kreftdiagnostikk og infeksjonskontroll til svangerskapsoppfølging, behandling av kroniske sjukdommar og blodberedskap.

Fleire saker i Dagens Medisin har peika på mangelen på bioingeniørar. Statistisk sentralbyrå bereknar at Noreg vil mangle 2 400 bioingeniørar i 2035. Samstundes var det i 2025 og 2024 127 søknader om autorisasjon for bioingeniørar utdanna i utlandet, medan talet i 2023 var 108.

Mange medisinske laboratorium rapporterer om ubesette stillingar, høg arbeidsbelastning, omfattande bruk av overtid, stor belastning på dei attverande tilsette og aukande sårbarheit i turnusordningar. Fagforeininga NITO Bioingeniørfagleg institutt (BFI) fryktar for pasienttryggleiken ved fleire sjukehus rundt om i landet. I enkelte laboratorium er situasjonen så sårbar at delar av aktiviteten står i fare for å stanse. Dette gjeld mellom anna sjukehuslaboratorium i Nordland, Nord-Trøndelag, Sør- og Vestlandet. Distrikta blir altså gjerne ramma hardast.

Pasientane kan merke mangelen på bioingeniørar gjennom forseinka diagnostikk, lengre ventetid på behandling, større risiko for feil og i nokre tilfelle eit dårlegare eller dyrare helsetilbod. Mangelen kan òg bidra til auka liggjetid i sjukehus, høgare kostnader og større skilnader i helsetilbodet mellom regionar.

Pandemien synte kor avgjerande laboratoriekapasitet og bioingeniørkompetanse er for smittehandtering og helseberedskap. Totalforsvaret er òg avhengig av nok bioingeniørar for å sikre mellom anna blodberedskap.

Behov for styrkt utdanning og fleire praksisplassar

I dag finst det åtte bioingeniørutdanningar i Noreg. Utdanningane har gjennomgåande gode søkjartal, men talet på studieplassar er avgrensa. Søkjartala til bioingeniørstudiet i Noreg har vore stabile dei siste åra, med om lag 1 000 førstevalssøkjarar til 417 studieplassar. Dersom behovet for bioingeniørar skal dekkjast fram mot 2035, vil det vere nødvendig med ein auke i talet på kandidatar dei neste tiåra. Desentraliserte og fleksible utdanningsløp kan bidra til betre rekruttering i distrikta og bør difor utviklast.

Praksisplassar må styrkjast gjennom tydelegare nasjonale føringar og meir forpliktande samarbeid mellom utdanningsinstitusjonane og helseregionane. Dei regionale helseføretaka bør få eit tydeleg oppdrag om å bidra til tilstrekkeleg praksiskapasitet for bioingeniørutdanningane, slik at mangelen på praksisplassar ikkje avgrensar utdanningskapasiteten.

Lettare for bioingeniørar utdanna i utlandet å få godkjent autorisasjon

Internasjonal rekruttering kunne i prinsippet bidra til å avhjelpe mangelen på bioingeniørar, men fleire analysar av autorisasjonsordninga viser at godkjenningsløpa ofte blir langvarige og lite føreseielege for kandidatane. Kandidatar kan i periodar bli ståande utan arbeid medan dei ventar på avklaringar om supplerande utdanning eller praksis, samstundes som helsetenesta manglar kvalifisert personell. Fleire bioingeniørar utdanna i utlandet opplever at det er vanskeleg å få praksis fordi vedtaka frå autorisasjonskontoret er for lite konkrete. Dei kan til dømes seie «seks månaders praksis i laboratoriemedisin» utan nærare spesifisering, noko som gjer det vanskeleg for laboratorieleiarar å vurdere kva praksisen skal innehalde. Saksbehandlinga bør difor styrkjast med relevant laboratoriefagleg kompetanse, slik at vurderingane blir meir presise.

Kompletterande utdanningstilbod

Dersom kandidatane i staden blir tekne opp i kompletterande utdanning, blir ansvaret for praksis flytta frå kandidaten til utdanningsinstitusjonen – og fleire kan oppnå autorisasjon.

OsloMet etablerte i 2022 eit kompletterande utdanningstilbod for bioingeniørar utanfor EU/EØS, men fleire utfordringar førte til at tilbodet no er sett på pause.

Forslagsstillarane meiner at det bør vere eit kompletterande utdanningsløp for bioingeniørar utdanna både innanfor og utanfor EU/EØS, slik at krava til norske kvalifikasjonar kan oppfyllast gjennom målretta og fagleg relevante modular. I tillegg bør det utviklast kompletterande løp som kan føre til autorisasjon som bioingeniør for kandidatar med teknologiutdanningar med betydeleg fagleg overlapp, som bachelor- og mastergrader i biomedisin, bioteknologi og tilsvarande studium. Hensikta med slike ordningar er å sikre at kvalifiserte kandidatar raskare kan oppnå autorisasjon, samstundes som fagleg kvalitet og pasienttryggleik blir oppretthalden. Dette vil bidra til å styrkje rekrutteringa til laboratoriet og møte det aukande behovet for bioingeniørkompetanse i helsetenesta.

Forslag

På denne bakgrunnen blir det fremja følgjande

forslag:
  1. Stortinget ber regjeringa sørgje for ein auke i studieplassar og desentraliserte utdanningar for bioingeniørar for å møte helsetenesta sitt behov for bioingeniørar i åra framover, og kome tilbake til Stortinget i forslag til statsbudsjett for 2027 med ein plan for dette.

  2. Stortinget ber regjeringa gi dei regionale helseføretaka eit tydeleg oppdrag om å bidra til tilstrekkeleg praksisplassar for bioingeniørar i tråd med utdanningsbehovet i åra framover, og sørgje for eit forpliktande samarbeid mellom utdanningsinstitusjonane og helseregionane om dette. Stortinget ber regjeringa informere Stortinget på eigna måte.

  3. Stortinget ber regjeringa snarast sørgje for å gjenopprette ei kompletterande utdanning i Noreg for bioingeniørar som er utdanna i og utanfor EU/EØS, og for kandidatar med teknologiutdanningar med betydeleg fagleg overlapp.

  4. Stortinget ber regjeringa sørgje for at det blir enklare å få godkjent autorisasjon for bioingeniørar utdanna i utlandet ved å blant anna redusere behandlingstida for søknader om autorisasjon, sikre laboratoriefagleg kompetanse i vurderingane og sørgje for at vedtak om praksiskrav spesifiserer tydeleg kva praksisen skal omhandle. Stortinget ber regjeringa informere Stortinget på eigna måte.

24. mars 2026

Kjersti Toppe

Ole Herman Sveian