Bakgrunn
Mangel på kvalifiserte lærarar er ei av dei
største utfordringane for norsk skule framover. Allereie i dag ser
ein store rekrutteringsproblem, særleg i distrikta, der ein betydeleg
del av lærarane underviser utan godkjend utdanning. I enkelte fylke
manglar kvar tredje lærar som underviser i norskfaget, formell kompetanse, og
for matematikk gjeld det kvar fjerde. Dette påverkar kvaliteten
på undervisninga og elevane si læring. Når fleire elevar slit med
trivsel og meistring, blir behovet for fleire kvalifiserte lærarar
endå meir presserande.
Utviklinga i rekrutteringa til lærarutdanningane har
gått i feil retning etter omlegginga til femårige masterløp og innføringa
av strenge karakterkrav i matematikk under Solberg-regjeringa. Sjølv
om desse krava seinare blei fjerna og lokale opptak opna etter 2021,
har tiltaka ikkje vore nok til å snu trenden. NOKUT si evaluering
i 2024 peikar på at masteroppgåva blir opplevd som lite praksisnær
og for akademisk, og at lærarutdanninga skil seg frå andre utdanningar
ved at studentane ikkje får ein grad etter tre år.
Ei treårig lærarutdanning med rom for to års
påbygging til mastergrad kan vere eit viktig supplement til den
integrerte femårige lærarutdanninga. Eit slikt alternativ kan kvalifisere
fleire som i dag underviser utan formell kompetanse, og styrkje
rekrutteringa særleg der behova for kvalifiserte lærarar er størst.
Ei komprimert lærarutdanning, som liknar ein bachelorgrad og kvalifiserer
til arbeid, kan bidra til å styrkje norsk skule med fleire kvalifiserte
lærarar. For kommunane kan dette vere eit viktig alternativ til
vedvarande vikarbruk og mellombelse tilsetjingar.