Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Taxfreesalet på norske lufthamner er ei av dei viktigaste inntektskjeldene til Avinor og til dei private eigarane av lufthamner i Noreg. Avinor har dei siste åra vore, og er framleis, i ein svært krevjande økonomisk situasjon. Pandemien gav færre reisande og endra reisemønster, og selskapet har hatt sterk kostnadsvekst. Samstundes har inntektene frå taxfreesalet gått kraftig ned som følgje av endringar i kvotane.
Frå 1. juli 2014 endra Solberg-regjeringa kvotane, slik at det vart mogleg å byte tobakkskvoten mot vin eller øl. Støre-regjeringa fjerna denne byteretten frå 1. januar 2022. Året etter, frå 1. januar 2023, vart tobakkskvoten halvert.
Avinor eig og driv lufthamner over heile landet. Mange stader er flyplassen knutepunktet for reiser til omverda. Etter Avinor-modellen blir flyplassane som går med underskot, finansiert av overskotet frå dei store lufthamnene, i hovudsak frå kommersielle inntekter.
Denne modellen har lenge hatt brei politisk støtte, og fungerer etter forslagsstillarane sitt syn godt. Modellen sikrar at folk i heile landet har eit flytilbod, utan at staten må løyve pengar over budsjettet til drift av kvar enkelt lufthamn. Når taxfreeinntektene blir svekte, blir sjølve grunnlaget for modellen svekt.
Avinor har fleire gonger auka avgiftene for flyselskapa monaleg for å finansiere bortfallet av inntekter. Dette har gitt høgare billettprisar for dei reisande og dårlegare lønnsemd for flyselskapa. Fleire ruter som flyselskapa reknar som marginale, er reduserte eller lagde ned dei siste åra. Det er nettopp desse rutene som bind Distrikts-Noreg saman med resten av landet og med verda. Forslagsstillarane er uroa for at rammevilkåra for luftfarta blir ytterlegare svekte, og at tilbodet til passasjerane, særleg i distrikta, då blir dårlegare.
Høgare taxfreekvotar er eit enkelt og treffsikkert tiltak for å styrkje Avinor-modellen. Inntektene kjem frå reisande som sjølve vel å handle. Dei kjem heile nettet til gode, og dei krev ingen nye løyvingar over statsbudsjettet.
Forslagsstillarane meiner reisande sjølve skal få avgjere kva dei kjøper med seg heim frå ei reise, innanfor rimelege rammer. Dei norske kvotane er alt strenge, samanlikna med kva som er vanleg i andre land, og dei siste endringane har snevra inn valfridomen til dei reisande ytterlegare. Før 2022 kunne ein passasjer som ikkje bruker tobakk, velje å ta med seg meir vin eller øl i staden. Den moglegheita fjerna Støre-regjeringa. Tobakkskvoten er i tillegg halvert. Dei reisande har dermed fått mindre handlefridom, utan at det er gjort greie for at innstrammingane har gitt ein målbar folkehelsegevinst.
Mykje tyder på at handelen i stor grad blir flytta i staden for at han forsvinn. Det som ikkje blir kjøpt på norske lufthamner, kan kjøpast på utanlandske lufthamner, om bord eller over grensa. Då går inntektene ut av landet i staden for å finansiere norske lufthamner og arbeidsplassar.
På denne bakgrunnen blir det fremja følgjande
Stortinget ber regjeringa så raskt som mogleg, og seinast i samband med statsbudsjettet for 2028, leggje fram forslag om å auke taxfreekvotane, og endre reglane for veksling av tobakk til alkohol, tilbake til reglane og kvotenivået som gjaldt frå 1. januar 2014 til 31. desember 2021.
|
Trond Helleland |
Anne Kristine Linnestad |
Erlend Larsen |
|
Erlend Svardal Bøe |
|
Tone Wilhelmsen Trøen |