Interpellasjon fra Bjørg Hope Galtung (Sp) til forsvarsministeren

Interpellasjon nr. 41 (1996-97)
Datert: 21.03.1997
Besvart: 07.05.1997 av forsvarsminister Jørgen Kosmo

Bjørg Hope Galtung (Sp)

Spørsmål

Bjørg Hope Galtung (Sp): Personellsituasjonen i Forsvaret har i lengre tid vore vanskeleg fordi den sivile arbeidsmarknaden har trekt til seg godt kvalifisert personell pga. gunstigare løns- og arbeidsvilkår. Det viser seg og at offiserar med høgare grad som tiltrer administrative stillingar opplever at dei får store lønsreduksjonar i høve til det dei hadde tidlegare pga. bortfall av tilleggsavtalar. Personellsituasjonen i Forsvaret vil kunna bli ytterligare forverra som eit resultat av dei nye reglane om at tilsette i Forsvaret mister dei gunstige bustadsvilkåra som dei tidlegare har nytt godt av. Ei markedsbasert husleige vil kunne ha uheldige langtidsverknader på forsvarsevna gjennom at offiserane si tilhøyring til tenestestaden vert svekka. Det vil og gjere det mindre attraktivt å gjera karriere i Forsvaret for dei som har familie.
Kva vil statsråden gjere for å betre tilhøva for personellet i Forsvaret, slik at dagens situasjon på sikt ikkje får utilsikta verknader på Noregs forsvarsevne?