Interpellasjon fra Kjellbjørg Lunde (SV) til miljøvernministeren

Interpellasjon nr. 2 (1994-95)
Datert: 22.02.1994
Besvart: 18.05.1995 av miljøvernminister Thorbjørn Berntsen

Kjellbjørg Lunde (SV)

Spørsmål

Kjellbjørg Lunde (SV): "Vinteren 1992/93 gjekk det uvanleg mange snøskred i Noreg. Også 1993/94 teiknar til å bli ein vinter med mange skred.
I dei seinare åra har løyvingane til forsking om skredproblem og til sikring av skredutsette område blitt sterkt reduserte. Difor var det gledeleg at løyvingane til Norges Geotekniske Institutt sitt arbeid med forsking og rådgiving blei auka i 1994. Løyvingane til forebyggande arbeid og til sikring mot skred i utsette område er likevel framleis for små. At ansvaret for sikring mot skred no er overført til kommunane, er ei ny utfordring i dette arbeidet.
Korleis vil statsråden syte for at arbeidet med forebygging og sikring av skredutsette område blir styrka?"