Interpellasjon fra Jørgen Holte (Sp) til landbruksministeren

Interpellasjon nr. 17 (1995-96)
Datert: 29.02.1996
Besvart: 04.06.1996 av landbruksminister Gunhild Elise Øyangen

Jørgen Holte (Sp)

Spørsmål

Jørgen Holte (Sp): "Landbruksdepartementet si politiske leiing har ved fleire høve i det siste gitt uttrykk for at samvirkeorganisasjonane i landbruket har ei distriktspolitisk oppgåve gjennom lokalisering av foredlingsanlegg. Statsråden uttala seinast i spørjetimen 21. februar 1996 at nedlegging av meierianlegg ikkje er ei ønska utvikling, men heller ikkje ei sak statsråden føler ansvar for.

Meiner statsråden at kostnadane i omsetningsledda og strukturen i næringsmiddelindustrien har vore Regjeringa uvedkomande til dømes ved utforming av landbrukspolitikken gjennom St.prp. nr. 8 for 1992-93, staten si rolle i jordbruksforhandlingane og gjennom virkemiddel som er stilt til rådvelde gjennom St.prp. nr. 60 for 1993-94?"

Les hele debatten