Interpellasjon fra Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) til finansministeren

Interpellasjon nr. 32 (2003-2004)
Om tiltak for å hindra økonomiske skandalar i framtida, då me har opplevd ei rekkje slike dei siste 2-3 åra
Datert: 23.02.2004
Besvart: 29.04.2004 av finansminister Per-Kristian Foss

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF)

Spørsmål

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): I løpet av dei siste 2-3 åra har me opplevd ei rekkje økonomiske skandalar, både her i landet og ute. Ikkje berre har dette påført enkeltpersonar, selskap og samfunn store økonomiske tap. Det har også svekka tilliten til personar og organ som skulle vera nøytrale rådgjevarar og kontrollørar. Det burde vera av felles interesse både for desse og for samfunnet å gjenreisa den nødvendige tillit. Ein del kan gjerast ved hjelp av lov- og regelverk. Styrking og foredling av interne rutinar og retningsliner vil hjelpa. Utdanningsinstitusjonane kan styrkja haldningsskapande arbeid.

Har statsråden planar for eigne tiltak og fellestiltak for å hindra nye økonomiske skandalar i framtida?

Les hele debatten