Interpellasjon fra Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) til nærings- og handelsministeren

Interpellasjon nr. 55 (2008-2009)
Om å motverke permitteringar og nedleggingar av hjørnesteinsbedrifter som er heilt sentrale for sysselsetjing og verdiskaping i lokalsamfunn rundt om i landet
Datert: 18.03.2009
Besvart: 12.05.2009 av nærings- og handelsminister Sylvia Brustad

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF)

Spørsmål

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Finanskrisa rammar norsk næringsliv hardt. Arbeidsløysa og talet på konkursar stig, og stadig fleire bedrifter melder om store likviditetsproblem. Permitteringar og nedleggingar er særleg krevjande for industristader prega av store hjørnesteinsbedrifter. Plastal på Raufoss er konkurs, og fleire andre hjørnesteinsbedrifter har no store utfordringar, mellom anna Hydro Karmøy, Hydro Høyanger, Aker Verdal og Sør-Norge Aluminium AS på Husnes.

Vil Regjeringa vera føre var og motverka permitteringar og nedleggingar av hjørnesteinsbedrifter som er heilt sentrale for sysselsetting og verdiskaping i lokalsamfunn rundt om i landet, og har Regjeringa dei nødvendige verkemiddel for å medverka til omstilling og nye, varige arbeidsplassar i lokalsamfunn som vert hardt ramma av finanskrisa?

Les hele debatten