Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Interpellasjon fra Per Olaf Lundteigen (Sp) til arbeids- og sosialministeren

Interpellasjon nr. 2 (2014-2015)
Om mottiltak i samband med at innvandring frå Aust-Europa pga. EØS-avtalen har ført til _sysselsettingsfall og press på løns- og arbeidsvilkår i Noreg_
Oversendt regjeringen: 28.05.2014
Besvart: 14.10.2014 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Per Olaf Lundteigen (Sp)

Spørsmål

Per Olaf Lundteigen (Sp): Med avtalen om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet vart det fri rørsle av arbeidstakarar mellom Noreg og land som er tilslutta Den europeiske unionen (EU). EØS-avtalen fråtek Noreg mange styringsmiddel. Med storutvidinga av EU austover i 2004 opna det seg ein heilt ny og stor arbeidsmarknad for borgarar i desse landa. Ifølgje Statistisk sentralbyrå har det frå 2004 nettoinnvandra om lag 143 000 statsborgarar frå dei nye unionslanda. Mange fleire har arbeidd her. Løns- og kostnadsnivå er mykje lågare i Aust-Europa enn i Noreg. Arbeidsvilkåra er jamnt over òg dårlegare. Stort tilbod av utanlandsk arbeidskraft som krev ei lågare løn enn norske arbeidstakarar, medfører eit negativt press på løns- og arbeidsvilkår i fleire yrker i Noreg med påfølgjande redusert attraktivitet. Arbeidskraft med nedsett arbeidsevne og svakare tilslutnad blir pressa ut. Sysselsettingsandelen i Noreg fell.
Kva mottiltak har statsråden?

Les hele debatten