Interpellasjon fra Kjersti Toppe (Sp) til helseministeren

Interpellasjon nr. 41 (2018-2019)
Om å sikre at dei som er ekstra hardt ramma av rusproblem og psykiske lidingar, får hjelp og koordinerte tenester frå sjukehus og kommune
Oversendt regjeringen: 19.03.2019
Besvart: 09.04.2019 av helseminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Dokumentaren om Siw i Stavanger Aftenblad gir oss historia til ei av dei rundt 6 000 menneska i Noreg som er ekstra hardt ramma av rusproblem og psykiske lidingar, og som skårar aller dårlegast på levekårundersøkingar, og som hjelpeapparatet ikkje når inn til. Siw gjekk til grunne. Avisa Nordland har fortalt historia om Mia, eit anna alvorleg døme på ei ung kvinne som fell mellom alle stolar i hjelpeapparatet. Mia har vore akuttinnlagd 24 gonger i løpet av tre år, i løpet av 200 dagar i fengsel har ho gjord 41 forsøk på å ta sitt eige liv. Mia treng langvarig behandling, ikkje fengsel. Helseministeren har uttalt at ein må bruke dokumentaren om Siw til å lære, og at det verkar klart at Mia ikkje har fått god nok koordinert hjelp og oppfølging.
Kva vil statsråden gjere for å sikre at dei mest sårbare menneska får hjelp og koordinerte tenester både frå sjukehus og kommune, og for å hindre at menneskeliv går til grunne?

Les hele debatten