Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Interpellasjon fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Interpellasjon nr. 15 (2025-2026)
Anoreksi er ein alvorleg medisinsk tilstand som kan skade helsa og setje liv i fare. I media har det den siste tida komme fram kritikk mot den hjelpa unge med anoreksi får i Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk. NRK fortel 26. januar historia om ei jente der foreldra skildrar det som hender «som å sjå eit sjølvmord i sakte film». Foreldra må kjempe for dottera si for at ho skal få hjelp, og dei meiner at helsevesenet ikkje gir den hjelpa som trengst for at dottera skal bli frisk. Dei er frustrerte over eit helsevesen der dei ulike instansane ikkje snakkar saman, og som ikkje har nok kompetanse og ressursar til å hjelpe dottera. Foreldra etterlyser også ein heilskapleg plan for behandlinga. I andre medieoppslag har også andre foreldre stått fram og kritisert at veldig mykje ansvar vert lagt på foreldra ved anoreksi hos barn. Kva gjer regjeringa for å betre førebygging og behandling ved anoreksi og andre spiseforstyrringar?
Oversendt regjeringen: 26.01.2026
Planlagt behandlet: 24.02.2026

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Anoreksi er ein alvorleg medisinsk tilstand som kan skade helsa og setje liv i fare. I media har det den siste tida komme fram kritikk mot den hjelpa unge med anoreksi får i Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk. NRK fortel 26. januar historia om ei jente der foreldra skildrar det som hender «som å sjå eit sjølvmord i sakte film». Foreldra må kjempe for dottera si for at ho skal få hjelp, og dei meiner at helsevesenet ikkje gir den hjelpa som trengst for at dottera skal bli frisk. Dei er frustrerte over eit helsevesen der dei ulike instansane ikkje snakkar saman, og som ikkje har nok kompetanse og ressursar til å hjelpe dottera. Foreldra etterlyser også ein heilskapleg plan for behandlinga. I andre medieoppslag har også andre foreldre stått fram og kritisert at veldig mykje ansvar vert lagt på foreldra ved anoreksi hos barn.
Kva gjer regjeringa for å betre førebygging og behandling ved anoreksi og andre spiseforstyrringar?