Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Interpellasjon nr. 22 (2025-2026)
Pasientovergrepsutvalet dokumenterte i 2022 grove overgrep mot pasientar utførte av psykolog Sverre Varhaug over fleire tiår. Varhaug vart dømd tre gonger for overgrep mot pasientar, første gong i 1979. På bakgrunn av dette vedtok Stortinget 2. juni 2025 at regjeringa skulle følgja opp anbefalingane frå utvalet og setja i gang arbeidet med ei erstatningsordning for ofra. Eg har teke saka opp med statsråden gjennom skriftlege spørsmål utan å få ein konkret framdriftsplan.
Vil statsråden leggja fram ei ordning som gir ofra både erstatning og ei statleg unnskyldning, og vil regjeringa finna midlar i revidert nasjonalbudsjett, slik at desse menneska endeleg kan få oppreising etter fleire tiår?
Oversendt regjeringen: 11.03.2026
Planlagt behandlet: 26.03.2026

Anne Grethe Hauan (FrP): Pasientovergrepsutvalet dokumenterte i 2022 grove overgrep mot pasientar utførte av psykolog Sverre Varhaug over fleire tiår. Varhaug vart dømd tre gonger for overgrep mot pasientar, første gong i 1979. På bakgrunn av dette vedtok Stortinget 2. juni 2025 at regjeringa skulle følgja opp anbefalingane frå utvalet og setja i gang arbeidet med ei erstatningsordning for ofra. Eg har teke saka opp med statsråden gjennom skriftlege spørsmål utan å få ein konkret framdriftsplan.
Vil statsråden leggja fram ei ordning som gir ofra både erstatning og ei statleg unnskyldning, og vil regjeringa finna midlar i revidert nasjonalbudsjett, slik at desse menneska endeleg kan få oppreising etter fleire tiår?