Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Interpellasjon nr. 25 (2016-2017)
Om å styrke arbeidet mot utanforskap og _fråfall frå vidaregåande skule_, og å opprette eit nasjonalt pilotprosjekt for produksjonsskular, slik Hordaland fylkeskommune ber om på Hjeltnes
Oversendt regjeringen: 28.02.2017
Besvart: 02.05.2017 av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

Kjersti Toppe (Sp): Ifølgje 'Nøkkeltall for helse- og omsorgssektoren 2016' kjem det fram at 1 av 5 unge droppar heilt ut av vidaregåande skule, og at 1 av 10 slit med å fullføre. Det er det høgste talet i Nord-Europa. Helsedirektøren er bekymra for ungt utanforskap og peikar i si årstale for 2017 på utdanning som den viktigaste mekanismen for å utjamne sosiale skilnader i helse og fattigdom. I 'Riksrevisjonens undersøkelse av oppfølging av ungdom utenfor opplæring og arbeid', jf. Dokument 3:9 (2015-2016), får regjeringa kritikk for manglande innsats på dette feltet. 6 av 10 som droppar ut av vidaregåande skule, får i dag ikkje nokon oppfylging. I Hordaland fylke er det eit ynskje om å utvide ordninga med produksjonsskular som tilbod for ein del av desse elevane.
Kva gjer regjeringa for å styrke arbeidet mot utanforskap og fråfall, og ser statsråden positivt på å opprette eit nasjonalt pilotprosjekt for produksjonsskular, slik Hordaland fylkeskommune ber om på Hjeltnes?