Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Interpellasjon nr. 8 (2023-2024)
Om kva regjeringa meiner om utviklinga i retning meir utanlandsk eigarskap i norske bedrifter som følgje av skjerpa særskattar på norsk eigarskap, og kva planen er for å hindre vidare nedbygging av privat norsk eigarskap
Oversendt regjeringen: 06.11.2023
Besvart: 23.11.2023 av næringsminister Jan Christian Vestre

Alfred Jens Bjørlo (V): Andre land i Europa har dei siste åra målretta lagt til rette for å sikre privat nasjonalt eigarskap i næringslivet, mellom anna som følgje av ein ny tryggleikspolitisk situasjon. I Noreg har regjeringa gjennom skjerpa særskattar på norsk eigarskap tvert imot gjort det meir gunstig for norske bedrifter å ha utanlandske eigarar, slik at til dømes ingen store ferjereiarlag lenger har norske eigarar.
Kva meiner regjeringa om denne utviklinga, og kva er regjeringa sin plan for å hindre vidare nedbygging av privat norsk eigarskap?