Bjørn Jacobsen (SV): Nå når norsk bistand til den marokkanske okkupanten på Vest-Sahara si jord er stoppa, finn eg det rimeleg å spørje om det er andre områder der norsk bistand går med til å finansiere okkupanten, og kva gjer Regjeringa for å sikre at Regjeringa si linje blir følgt opp i relevante FN organ og Verdsbanken?
Begrunnelse
Noreg har inntil nylig støtta eit prosjekt for fiskarar i Vest-Sahara der dei tilgodesette var fattige Marokkanarar. Problemet er at dei er på okkupert område og inngår i ein etnifiserings- og koloniseringsstrategi i Afrikas siste koloni: Vest-Sahara.
Norske bistandspengar har vore med å gjøre Marokko sin etnifiserings- og koloniseringspolitikk i Vest-Sahara mulig, men nu er desse midlane stoppa og Regjeringa legg vekt på at aktivitet som kan utleggast som de facto legitimering av Marokkos anneksjon ikkje skal skje.
Det er nok av alternative støtteobjekt i området. Til dømes kan det brukast meir midlar i Kirkens Nødhjelp sitt pågåande arbeid i dei saharawiske flyktningleirane, der ofra for konflikten sit.