Bjørn Lødemel (H): Det er planlagt ny 420 kV kraftlinje mellom Sogndal og Ørskog. I Eikefjord i Flora kommune vart traseen lagt nærare busetnaden ved klagehandsaminga i OED. Innbyggarane i Eikefjord er svært uroa over dei elektromagnetiske strålingane frå denne linja. Linja er bygd for å kunne belastast med 2500 Mw, men berekningane av strålingsfaren er gjort på berre 500 MW. Normallast for linja vil vere på om lag 1500 MW.
Kva meinar statsråden om at det ikkje blir lagt til grunn korrekt straumstyrke ved berekning av stråling frå denne linja?
Begrunnelse
Mange er uroa over den elektromagnetisk strålinga frå kraftlinjer. Derfor er det stort behov både for kunnskap og avklaring av desse spørsmåla når det skal byggast nye kraftlinjer.
Det er Statens Strålevern som er ansvarlege for føreskriftene og retningslinjene for all eksponering vi blir utsette for frå elektromagnetiske felt. Fagmyndigheitene legg til grunn at all eksponering frå elektromagnetiske felt skal vere forsvarleg, og at de skal nyttast føre var prinsippet.
Gjeldande forvaltningsstrategi om magnetfelt og helse ved høgspentanlegg er omtala i St.prop.nr.66 (2005-2006).
Her går det fram at det ved alle planar, blant anna om kraftleidningar ved bygg, skular, barnehagar skal eksponeringssituasjonen kartleggast og mogelege tiltak for å redusere magnetfeltet og konsekvensar av tiltaket drøftast.
Når det gjeld den nye 420 kW linja mellom Sogndal og Ørskog er den elektromagnetiske strålinga rekna ut frå ei belastning på linja på 500 MW.
I gjeldande vurdering av kor mykje straum som skal gå gjennom linja er det kome fram at det vil bli i gjennomsnitt 1500 MW. Altså 3 gongar meir enn berekningane er gjort på. I tillegg er linja bygd for ein kapasitet på 2500 MW.
Det skapar stor uvisse og kraftige reaksjonar at OED gjennom si klagehandsaming ikkje har fått avklart kva som er berekna strålingsfare både ut frå den straummengde som i gjennomsnitt vil gå gjennom linja, 1500 MW, og den straummengda som linja er bygd for 2500 MW.
Det kan ikkje vere i tråd med gjeldande retningslinjer at berekninga av den elektromagnetiske strålinga skal vere ut frå 1/3 av det som linja blir belasta med i gjennomsnitt.
Statens strålevern må gripe inn og sørgje for at det blir laga fullgode berekningar.