Skriftlig spørsmål fra Torstein Rudihagen (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1365 (2011-2012)
Innlevert: 10.05.2012
Sendt: 10.05.2012
Besvart: 24.05.2012 av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa

Torstein Rudihagen (A)

Spørsmål

Torstein Rudihagen (A): Det har i fleire år vore arbeidd med ei konsolidering mellom Norsk Vegmuseum og Norsk Kjøretøymuseum på Lillehammer. Saka er vorte liggande i vegdirektoratet og Samferdselsdepartementet. Den fekk stor omtale i avisa Gudbrandsdølen Dagningen den 8. mai.
Vil statsråden ta eit initiativ for å få ei snarleg gjennomføring av denne konsolideringa?

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Svar

Magnhild Meltveit Kleppa: Det er rett at dette spørsmålet er drøfta mellom Statens vegvesen og Kjøretøyhistorisk museum i fleire år, og at det no er viktig for dette museet med ei avklaring på om det er mogleg å få til ei slik konsolidering. Det er for tidleg å seia noko konkret om ei konsolidering pr. i dag. Det vidare arbeidet med spørsmålet må vurderast som ein del av ein samla statleg kulturminne- og museumspolitikk og som ein del av Samferdselsdepartementet sitt ansvar for transportsektoren sine kulturminne. Eg vil derfor koma tilbake til saka på eit seinare tidspunkt.