Skriftlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til statsministeren

Dokument nr. 15:130 (2013-2014)
Innlevert: 26.11.2013
Sendt: 27.11.2013
Besvart: 29.11.2013 av statsminister Erna Solberg

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Kva oppgåveportefølje skal det meldte beredskaps- og sikkerheitselementet på Statsministerens kontor ha, kjem elementet til å vere ein politikar eller ein byråkrat og kva myndigheit til å ta avgjerder er elementet tiltenkt?

Begrunnelse

I innstillinga til St. Meld. 21 (2012-2013) Terrorberedskap, Innst. 425 S (2012-2013), tok Høyre og Fremskrittspartiet opp behovet for eit beredskaps- og sikkerheitselement som «har til oppgave å koordinere og følge opp» beredskapsarbeidet hjå dei ulike departementa og underliggande etatar som har eit beredskapsansvar. Det er òg gjenteke i Sundvolden-erklæringa, og Statsministeren sjølv har lyfta fram eit slikt tiltak som ei styrking av sikkerheits- og beredskapsarbeidet ved fleire høve.
I spørjetimen 6. november spurte eg Statsministeren mellom anna kva oppgåveportefølje ho såg for seg at eit slikt element skulle ha, i kva grad det kom til å overlappe med justis- og beredskapsministeren sitt konstitusjonelle ansvar, og om faren for å byråkratisere beredskapsarbeidet med ytterlegare eit ledd. Eg merka meg at Statsministeren i sitt svar sa at ho ikkje hadde teke stilling til kven som «eventuelt» skulle utgjere dette elementet. I formuleringa ligg det ei opning for at det ikkje kjem eit slikt element, noko som er nytt frå tidlegare.
Statsministeren seier òg i sitt svar at det ikkje er slik at justis- og beredskapsministeren må rapportere til «byråkrater eller ansatte på Statsministerens kontor». I dette ligg det at beredskaps- og sikkerheitselementet både kan vere ein byråkrat eller ein politikar, og det kan framstå som Statsministeren ikkje har teke stilling til kva nivå elementet skal ha ansvar på.
Vidare gjev Statsministeren ikkje eit klårt svar på kva elementet skal gjere på Statsministerens kontor, altså kva oppgåveportefølja er, og kva tangeringspunkt eller overlapping det vil innebere med justis- og beredskapsministeren sitt område. Det sentrale er å få fram i ljoset kva elementet skal gjere og ha myndigheit til å avgjere, før, under og etter ei krisesituasjon.

Erna Solberg (H)

Svar

Erna Solberg: I tråd med Grunnloven og lang konstitusjonell praksis bestemmer regjeringen selv hvordan den organiserer sitt arbeid, herunder hvordan Statsministeren organiserer sitt kontor. Av Sundvolden-erklæringen fremgår det at det skal etableres et nasjonalt beredskaps- og sikkerhetselement ved Statsministerens kontor (SMK) som skal ivareta den overordnede koordineringen og oppfølgingen av sikkerhets- og beredskapsarbeidet på tvers av departementene og bidra til å løfte og klargjøre ansvar.
Laila Bokhari er utnevnt som statssekretær ved SMK I tillegg til de alminnelige oppgavene som tilligger statssekretærene ved kontoret, skal Bokhari ha særskilt oppmerksomhet på sikkerhets- og beredskapsarbeidet innenfor alle departementenes områder. Dette endrer imidlertid ikke ansvaret det enkelte departement har på eget område, herunder Justis- og beredskapsdepartementets særskilte pådriver- og samordningsrolle. Et godt krise- og beredskapsarbeid bygger på klare ansvarslinjer, og styrkingen av SMK i beredskapsarbeidet skal bidra til at de ulike departementene er seg sitt ansvar bevisst.