Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til klima- og miljøvernministeren

Dokument nr. 15:157 (2013-2014)
Innlevert: 03.12.2013
Sendt: 04.12.2013
Besvart: 11.12.2013 av klima- og miljøvernminister Tine Sundtoft

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Kan statsråden forklare logikken bak at regjeringa på den eine sida legg til rette for eit historisk frislepp av støyande snøskuteraktivitet i norsk natur, men samstundes ikkje har gjeve løyve til langt mindre inngripande bruk av trakkemaskiner i samband med såkalla "catskiing"?

Begrunnelse

I NRK Sogn og Fjordane 3. desember kjem det fram at Eid kommune etter lang tids venting framleis ikkje har fått svar frå departementet om løyve til å starte opp eit prøveprosjekt med såkalla "catskiing", det vil seie bruk av trakkemaskiner for å frakte skituristar til fjells. Samstundes har departementet gitt løyve til at over 100 kommunar - inkludert Eid, som ikkje ein gong har søkt om dette - skal kunne drive vidfemnande snøskuterverksemd i urørt natur. Med tanke på at catskiing - i motsetnad til snøskuteraktivitet - medfører svært liten konflikt med natur og friluftsliv, og foregår på visse trasear regulert av ein kommuneplan, fram står departementet sine prioriteringar som noko underlege.

Tine Sundtoft (H)

Svar

Tine Sundtoft: Regjeringa har beslutta å iverksetje ei forsøksordning der litt over 100 kommunar kan etablere snøscooterløyper for fornøyelseskøyring gjennom arealplanlegging etter plan- og bygningslova. Dette er langt i frå noko frislepp slik representanten vil ha det til, men ei ordning som styrker det lokale sjølvstyret på motorferdslefeltet. Det gjeld klare nasjonale ramar for kvar løypane kan leggjast og for kva slags hensyn kommunane må ta i arbeidet med fastsetting av løypene. Eg har tillit til at kommunane gjennomførar gode prosessar og at dei er bevisste det forvalteransvaret dei har.

Eid har ikkje søkt om å delta i forsøksordninga med snøscooterløyper og er difor ikkje blant kommunane som kan delta i forsøket. Som representanten skriver, har derimot Eid kommune søkt om løyve til å starte med catskiing. Ordføraren i kommunen har nyleg lagt fram saka i møte med min statssekretær Lars Andreas Lunde.

Forsøksordninga gjeld ikkje catskiing, og det er ikkje høve til å gje løyve til catskiing etter det eksisterande motorferdsleregelverket. Eg vil likevel sjå nærare på søknaden frå Eid, men akkurat no meiner eg det er riktig å prioritere å gjennomføre iverksetjinga av forsøksordninga med snøscooterløyper på ei god måte.