Skriftlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til barne-, likestillings- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:231 (2013-2014)
Innlevert: 19.12.2013
Sendt: 20.12.2013
Besvart: 08.01.2014 av barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Samarbeidsavtalen mellom staten og ideell sektor om leveransar om helse- og sosialtenester blei inngått i 2012. I Innst.14S (2013-2013) frå familie - og kulturkomiteen er det ikkje bekrefta at regjeringa vil vidareføre samarbeidsavtalen med ideell sektor, og det er skapt usikkerheit om regjeringa vil vidareføre ordninga med eigne anbodsrundar for private, ideelle innan barnevernet.
Vil statsråden vidareføre samarbeidsavtalen og vil statsråden sikre eigne anbodsrundar med ideell sektor innan barnevernet?

Begrunnelse

På tross av at underteikna 2 gonger i budsjettdebatten stilte desse same spørsmåla , så var ikkje statsråden sine svar avklarande. Det er stor usikkerheit om kor vidt regjeringa vil fortsette med eigne anbodsrundar for ideell sektor innan barnevernet. Statsråden svarte heller ikkje bekreftande på om regjeringa vil vidareføre samarbeidsavtalen mellom staten og ideell sektor om leveransar av helse- og sosialtenester, ein avtale som blei inngått i 2012.
Det er stor uro om regjeringa sin politikk for ideell sektor på barnevern feltet. Dette er viktige spørsmål og mykje står på spel det kommande året. Det er av stor betyding at gjeldande praksis kor staten v/Bufdir lyser ut eigne anbodsrundar for dei ideelle blir vidareført, og at det ikkje innførast opne anbodsrundar kor også kommersielle private kan delta. Det er også av stor betyding at den nye regjeringa vidarefører samarbeidsavtalen mellom staten og ideell sektor.

Solveig Horne (FrP)

Svar

Solveig Horne: Mange ideelle organisasjonar yter ein viktig innsats som leverandørar av ulike tenester i helse, sosial – og barnevernssektoren. Dei ideelle organisasjonane har høg kompetanse og stort engasjement, og kan bidra til nye løysingar på velferdsutfordringar. Regjeringa anerkjenner at ideell sektor er ein viktig samarbeidspartnar for offentleg sektor i produksjon av helse- og sosialtenester til befolkninga. Vi vil difor arbeide for å få til eit fortsatt godt samarbeid mellom staten og ideell sektor.
Regjeringen Stoltenberg II inngjekk 3. oktober 2012 ein samarbeidsavtale mellom staten og ideell sektor, dette representert ved paraplyorganisasjonane Hovedorganisasjonen Virke, Frivillighet Norge, Ideelt nettverk og KS Bedrift, om leveransar av helse- og sosialtenester. Formålet med avtalen var å bidra til eit betre samarbeid mellom staten og ideell sektor for å utvikle eit tenestetilbod til det beste for brukarane.
Denne regjeringa ønskjer å ha ein god dialog med ideell sektor for å drøfte sentrale spørsmål og rammeføresetnader knytt til leveransar av helse- og sosialtenester.
Regjeringa sitt viktigaste mål på barnevernsområdet er likevel å gi utsette barn og unge eit best mogleg barnevernstilbod .Omsynet til barnets beste skal alltid leggast til grunn ved val av barneverntiltak til det enkelte barn. Ei viktig oppgåve for barnevernet er å gi barnet stabil og god vaksenkontakt samt sørge for kontinuitet i omsorga.
Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) har ansvaret for å drifte og etablere institusjonar. Etaten må sørge for at alle barn som har behov for det, får eit forsvarleg institusjonstilbod. Bufetat kjøper barneverntenester for å dekke etaten sitt samla behov for denne type tenester. Omtrent halvparten av institusjonstiltaka blir i dag levert av private aktørar. Det vil si at ideelle organisasjonar og andre private er sentrale aktører for å levere tiltak av god kvalitet i barnevernet.
Eg anerkjenner at ideelle organisasjonar har ei lang og verdifull erfaring i arbeidet med å hjelpe utsette barn, men vi erfarer også at andre private aktørar utfører ein svært god jobb på dette området. Denne regjeringa meiner at det viktigaste er at barn blir gitt nødvendig hjelp, dette uavhengig av kven som leverer tiltaket. Eg skal sjå nærmare på korleis vi organiserer barnevernet på ein best mogleg måte, slik at vi oppnår dette hovudmålet. Ein konsekvens av dette kan vere å likestille alle private aktørar som leverer tiltak i barnevernet ved inngåing av nye avtaler.