Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:500 (2013-2014)
Innlevert: 05.03.2014
Sendt: 06.03.2014
Besvart: 12.03.2014 av landbruks- og matminister Sylvi Listhaug

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Vil statsråden vurdere om norske forbrukerar, på lik linje med andre europearar, skal få tilstrekkeleg produktinformasjon ved å merke egg frå burhøns?

Begrunnelse

I EU er det påbod om å informere på eggekartongane om produksjonsmetode. I Noreg blir det ikkje oppgitt på pakka at egga kjem frå burhøns. Påbodet er ikkje inntatt i EØS-avtalen, noko dåverande landbruksminister Lars Peder Brekk i 2011 såg som tilstrekkeleg grunn for ikkje å innføre ei slik merkeordning. Dette som eit svar på skriftleg spørsmål nr. 593 frå stortingsrepresentant Torgeir Trædal (Frp), som gav uttrykk for at han ynskte ei slik merkeordning.

Produsentane har dermed vald å ikkje informere om driftsform på pakkane med buregg, som ofte vert kalla ”Gårdsegg” og ”Solegg”. Det blir berre informert om driftsform på pakkene frå frittgåande og økologiske høner. Norske forbrukerar får på denne måten dårligare informasjon om egg enn andre europearar. Eit vareutval med mangfald bør også inkludere merking på dyrevelferdsområdet. Norske forbrukerar bør ha eit reelt høve til å velje vare etter produksjonsmetode, slik som i EU.

Ei utgreiing gjort av SIFO i 2013 konkluderte med at norske forbrukerar har særskilt stort behov for tydeleg merking av buregg. Det er tre grunnar til dette:

- Nordmenn ynskjer å betale for betre dyrevelferd, spesielt for høner, og ser ikkje på drift med bur som god dyreetikk.

- Nordmenn har stor tillit til at husdyrproduksjon er dyreetisk sikra av styresmaktene, og veit truleg ofte ikkje at dei kjøper buregg.

- Nordmenn er ikkje vant til å sjå etter eller å forhalde seg til merking av driftsformer for husdyrprodukt.

Nabolanda våre sel monaleg fleire egg frå økologiske høner – i Danmark er den økologiske marknadsandelen av egg på 16 prosent. I Noreg er marknadsandelen på 4 prosent (2013). Det er nærliggande å anta at den lave andelen økologiske egg kan skuldast manglande merking av driftsform for alle egg.

Sylvi Listhaug (FrP)

Svar

Sylvi Listhaug: Det er i dag frivillig for norske produsentar om dei vil merke eggekartongar med produksjonsform, men det er vanleg at norske eggpakkeri merkar kartongar med egg ifrå frittgåande og økologiske system.

Dei tradisjonelle nakne bura som tidlegare blei nytta i eggproduksjonen, blei forbodne i 2012. Dette har medført at mange produsentar har investert i nye og moderne bur med miljøinnreiing. Ei samanlikning mellom dei ulike driftsformene som blir nytta i dag, konkluderar med at det er fordelar og ulempar ved alle. Det er difor ikkje mogleg å utpeika ei driftsform som eintydig betre enn dei andre ut frå omsynet til dyrevelferd.

I og med at eggpakkeria frivillig har tilpassa merkinga slik at forbrukarane har eit rimeleg godt utgangspunkt for å gjere informerte val, ser eg ikkje behovet for å innføre nye regler og meir byråkrati.