Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:660 (2013-2014)
Innlevert: 09.04.2014
Sendt: 10.04.2014
Besvart: 25.04.2014 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): I Sundvolden-erklæringa seier regjeringa at "der det er hensiktsmessig vil regjeringen bidra til færre, større og mer konkurransedyktige lufthavner." I den samanheng har Samferdselsdepartementet bede Avinor om å kome med forslag til ein reduksjon i talet på flyplassar her i landet.
Kor mange småflyplassar meiner statsråden ein skal ha i Noreg, og meiner han vi har for mange flyplassar i Møre og Romsdal?

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Samferdselsdepartementet har som ein del av arbeidet med neste transportplan, gitt transportetatane og Avinor retningslinjer for ein innleiande analyse- og strategifase. I denne fasen skal etatane og Avinor belyse viktige problemstillingar som krev spesiell merksemd i utforminga av eit framtidretta og samordna transportsystem. Eit av deloppdraga er retta mot strukturen i lufthamnnettet.

Dagens lufthamnnett blei bygd ut i ein tid med relativt dårlig tilgang til alternative transportmiddel innanfor ei rimeleg reisetid. Seinare utbyggingar av annan transportinfrastruktur, og da først og fremst på vegsida, har vore med på å redusere reisetida mellom lufthamnene. Føresetnadane for utforminga av lufthamnnettet er difor endra over tid. Dette er også ein del av bakgrunnen for føringa den politiske plattoforma til regjeringas om å bidra til færre, større og meir konkurransedyktige lufthamner der dette er formålstenleg. Eg meiner ut i frå dette at det nå er nærliggande med ei ny vurdering av lufthamnstrukturen sett i samanheng med regionanes transportilbod samla sett.

Regjeringa har i åra som kjem offensive planer for å byggje ut transportinfrastrukturen. Når nye og betre veger er med på å redusere avstanden og reisetida mellom to lufthamner, kan det tenkjast at tilbodet til de reisande kan bli betre dersom vi samlar tilbodet på ei større lufthamn framfor å spreie det på to mindre lufthamner.

Arbeidet til transportetatane er meint å vere eit grunnlag for regjeringa sine vidare vurderingar i arbeidet med neste transportplan. Regjeringa har naturleg nok ikkje konkludert i saka, men søker no god fagleg dokumentasjon og vurderingar. Det er difor alt for tidleg å si noko om moglege endringar i lufthamnstrukturen no, og regjeringa vil kome tilbake til dette seinare.